Hopp til innhold

Helsingforskomiteen vil auke støtta til Ukraina

Årsmøtet i Den norske Helsingforskomite oppmodar regjeringa og Stortinget til å auke støtta til Ukraina vesentleg, skriv dei i ei pressemelding.

Noreg er ein stor bidragsytar til landet gjennom Nansen-programmet, men Helsingforskomiteen meiner det er mogeleg å auke støtta vesentleg.

Dei skriv at støtta bør stå i forhold til dei auka inntektene Noreg får frå olje og gass som følge av krigen i Ukraina.

– Å investere i Ukrainas kamp er ei investering i tryggleik og demokrati, ikkje berre for ukrainarane sjølve, men også for framtidige generasjonar nordmenn, skriv dei i pressemeldinga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no