Hopp til innhold

Foreslår å auke det svenske forsvarsbudsjettet kraftig

Forsvarskomiteen i Sverige foreslår å auke forsvarsbudsjettet med 52,8 milliardar svenske kroner fram til 2030, melder SVT.

Komiteen seier dei er samde med ekspertar og sakkunnige om at det er behov for høgare ambisjonar og at opprustinga av Sverige må gå raskare.

Sverige blei tidlegare i år medlem av Nato, som har eit mål om at minst 2 prosent av BNP skal gå til forsvarsutgifter.

Ifølge opplysningar til SVT vil den føreslådde auken gjere at Sverige brukar rundt 2,5 prosent av BNP på forsvar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no