Matapour blei stoppa i bilen bak Sian-leiaren
22. april 2022 var det varsla at Sian skulle halde markering samtidig som fredagsbønna i Stovner Moske.
Dei skulle då mellom anna brenne ein koran.
Sian-leiar Lars Thorsen heldt fast på at han skulle gjennomføre markeringa, trass i motstand frå politiet.
– Vi får då melding av ein sivil politibil om Arfan Bhatti at han følger etter Lars Thorsen, forklarer politibetjenten Kristoffer Andre Skavås i retten.
Arfan Bhatti og Zaniar Matapour blir stoppa. Bhatti køyrde bilen, og Matapour sat i baksetet.
Der politiet fant to knivar.
– Bhatti er høgt oppe og snakkar i munnen på oss. Han er ganske hissig.
Bhatti gir ulike forklaringa, mellom anna at dei to skulle på fisketur.
– Bhatti seier då «det kjem til å skje noko ein anna plass». Eg tenker då på Sian-markeringa, forklarar Skåvas.
– Korleis var Matapour i dennes situasjonen? spør aktor Sturla Henriksbø.
– Eg huskar han var veldig roleg. Han var merkverdig roleg og stille. Det syns eg var mistenkeleg.
Bhatti blir sett i varetekt, medan Matapour blir sendt vekk med ei bortvising, forklarar politibetjenten.