Hopp til innhold

Salmonella påvist på hest i Agder

Det er påvist salmonella på ein hest på eit ridesenter i Agder, skriv Mattilsynet i ei pressemelding. Fleire hester frå ulike deler av Noreg har vore på det aktuelle ridesenteret, skriv dei vidare.

Mattilsynet jobbar fortløpande med smittesporing for å avgrensa smittespreiing. Eigarar av hestane som har vore på ridesenteret vil bli kontakta, opplyser Mattilsynet.

Salmonella er ein bakterieinfeksjon som kan smitta til andre dyr og menneske. Salmonellainfeksjonar skal følgast opp av Mattilsynet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no