Hopp til innhold

Salman Rushdie får fredspris

Den britisk-indiske forfattaren Salman Rushdie fekk i dag dei tyske bokhandlarane sin fredspris. Prisen vart delt ut under verdas største bokmesse i Frankfurt.

Rushdie, som mellom anna står bak boka Sataniske vers, vart i fjor angripen med kniv av éin gjerningsmann under eit føredrag han hadde i delstaten New York. Angrepet gjorde han blind på det eine auget.

Ifølgje juryen får Rushdie prisen for «å vera resolutt, ha ein positiv innstilling til livet, og fordi han styrker verda med begeistringa han har for det å fortelja historier».

Rushdie skriv på ei bok om knivangrepet med tittelen «Knife: Meditations After an Attempted Murder» som skal gå i trykken 16. april 2024. Rushdie skal ifølgje nyheitsbyrået AP ha sagt at å skriva ei bok om hendinga er «å svara på vald med kunst».

Salman Rushdie får tyske bokhandleres fredspris
Foto: Kai Pfaffenbach / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no