Hopp til innhold

Opposisjonen misnøgde med budsjettet

Høgre er kritisk til fleire punkt i budsjettet som SV og regjeringspartia har blitt samde om tysdag.

– Det er eit budsjett som tek Noreg i feil retning i skulepolitikken, helsepolitikken og næringspolitikken. Vi må passe oss for å ikkje føre ein politikk som gjer det vanskelegare å løyse dei utfordringane vi står overfor, skriv Høgre-nestleiar Henrik Asheim i ein e-post til NRK.

Finanspolitisk talsperson i Frp, Hans Andreas Limi, meiner budsjettet ikkje vil hjelpe dei som no har det vanskeleg økonomisk.

– Dei gir med den eine handa og tek dobbelt tilbake med den andre, seier han til NTB.

KrF hadde ønska seg større auke av barnetrygda og straumstøtta. Medan Venstre er misnøgde med skatteaukane, og er særleg misnøgde med lågare dieselavgifter.

Raudt er glade for at dagpengekuttet blei reversert, og at det blir auka overføringar til minstepensjonistar og uføre. Likevel meiner dei det er store hol i tiltaka for å møte auka prisar, og meiner dette ikkje reddar jula for vanlege folk.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no