Ny mekling i lærarstreiken søndag
Partane i lærarstreiken er i møte hos Riksmeklaren søndag. Eit nesten fem timar langt møte laurdag førte ikkje fram, men dei blei einige om å halde fram forhandlingane søndag.
– Vi har blitt einige om at partane skal vise til Riksmeklaren, sa leiaren i Utdanningsforbundet, Steffen Handal på veg inn til møtet.
Både KS og lærarorganisasjonane har sagt at dei vil halde fram så lenge det er håp om å finne ei løysing på konflikten som har vart sidan 8. juni.