Hopp til innhold

Ukrainas atomenergibyrå hevder Russland planlegg å skru av atomkraftverk

Det ukrainske atomenergibyrået Energoatom hevdar at russiske styrker planlegg å skru av og kobla frå det ukrainske atomkraftverket Zaporizjzja, melder Reuters.

I eit utsegn sa byrået at dei trudde Russland, som kontrollerer kraftverket, førebudde ein storstilt provokasjon ved kraftverket fredag. På den andre sida har Moskva skulda Kyiv for å førebu ein provokasjon på området på torsdag.

Atomkraftverket er Europas største, og har vore okkupert av russiske styrkar sidan mars. Den daglege drifta blir utført av ukrainske operatørar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no