Hopp til innhold

FN-alarm etter nye angrep på atomkraftverket i Ukraina

Torsdag blei det rapportert om nye bombeangrep mot atomkraftverket Zaporizjzja i Ukraina. Russland og Ukraina skylder på kvarandre for angrepa.

FNs generalsekretær Antonio Guterres åtvara om at kranglinga kunne leia til katastrofe på Europas største atomkraftverk, som har vore under russisk kontroll sidan mars, skriv BBC.

– Eg ber om at Russland og Ukraina sine militære styrkar umiddelbart stanser militær aktivitet ved og rundt atomkraftverket og dei nærliggande områda, sa Guterres i ei utsegn.

Han ber også om at partene trekker alt militært utstyr og personell fra kraftverket.

Det ukrainske atomenergibyrået Energoatom sa tidlegare i dag at dei hadde situasjonen under kontroll.

Etter fleire angrep, seier byrået at seks reaktorar har blitt treft og at det kjem mykje røyk derfrå. Dei legg til at strålingssensorane ved anlegget er skadd.

Ein tenestemann for dei russiskstøttande seperatistane seier dei ikkje har målt unormal mengde stråling ved anlegget.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no