Ekspertutval skal gå gjennom fastlegeordninga
Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som skal gi konkrete forslag til tiltak for å styrke fastlegeordninga.
– Noverande handlingsplan har fleire gode tiltak, men dei har ikkje hatt ønska effekt. Då må vi tenke nytt, og vi må ta nye grep. Vi kan ikkje halde fram i same spor og håpe at situasjonen løyser seg over tid, skriv helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) i ei pressemelding.
Ifølge regjeringa manglar 175.000 innbyggarar fastlege.
Utvalet skal levere første rapport med foreløpige vurderingar og råd innan 1. desember i år. Dei endelege vurderingane og råda skal ligge på bordet seinast 15. april neste år.