Sri Lankas statsminister beordra politi og militære til å gjennomretta orden
Sri Lankas statsminister Ranil Wickremesinghe ordra militæret og politiet til å gjera det dei kan for å gjenoppretta ro og orden, melder nyheitsbyrået AFP. Utsegnet blei kringkasta på TV.
– Demonstrantane vil stoppa meg frå å ta vare på mitt ansvar som fungerande president, sa Wickremesinghe, og la til:
– Me kan ikkje la fascistar ta over.
Demonstranter storma i dag statsministeren sitt kontor i hovudstaden Colombo. Det var til trass for politiet sitt forsøk på å hindra dei med tåregass og vasskanoner, ifølge vitner AFP har snakka med.