Hopp til innhold

Færre blir tekne med mobil bak rattet

Ferske tal frå UP viser at 5893 personar har blitt teke med mobil bak rattet hittil i år.

Det er ein nedgang frå same periode i fjor, då talet var 7953.

– Sjølv om denne nedgangen er god, kan vi likevel ikkje tillate oss å feire, seier prosjektansvarleg i Ung i trafikken, Liv Marie Bendheim.

Ho siktar til at det var 63 omkomne personar i trafikken i løpet av første halvår, noko som er ei dobling samanlikna med same periode i fjor.

Mobilbruk i bil.
Foto: SPENCER PLATT / Afp

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no