Hopp til innhold

Ber om møte etter helikopter-nei

Fylkesrådet i Troms og Finnmark seier dei er uroa for beredskapen i nord etter at regjeringa har valt å terminere kontrakten for NH90-helikopter.

Fylkesrådsleiar Bjørn Inge Mo (Ap) har bede om eit møte med forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp), skriv han i ei pressemelding.

– Eg vil be om at ein hurtig skaffar nye helikopter for å sikre at totalberedskapen blir vareteke. Vi er uroa, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no