Uro ved al-Aqsa-moskeen
Israelsk opprørspoliti har gått inn i området til al-Aqsa-moskeen i Jerusalem og fyrt av gummikuler mot palestinarar etter at ny uro har blussa opp torsdag. Ikkje-muslimar er nekta tilgang på området til moskeen, som ligg på Tempelhøgda. Bakketoppen er heilag for jødane, medan moskeen er ein av dei mest heilage for muslimane.
Torsdag fekk jødar og andre kome inn på området, det førte til at unge palestinarar samla seg for å protestere mot opninga.
Ein uformell avtale seier at jødar kan besøke området, men ikkje be der. Dei siste åra har talet på jødar som kjem på besøk auka kraftig, og kjem ofte i følge med politi.