Hopp til innhold

Fleire hundre barn og unge kontakta Røde Kors i påska

Over 6000 barn og unge kontakta samtaletilbodet Kors på halsen om sjølvmordstankar, psykisk helse og relasjonar i løpet av påsken.

– Våre frivillige fortel om nokon tyngre samtaler i påskeveka enn elles. Dei største enkelttermane var sjølvmord, spørsmål om kjærastar, seksuell legning og relasjonar til søsken, seier leiar Nelli Kongshaug i Kors på halsen.

Dei frivillige har også svart på spørsmål om Ukraina.

– I all hovudsak handlar desse samtalane om kva ein kan gjere for å bidra, om korleis unge kan hjelpe barn som kjem til Noreg, seier Kongshaug.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no