Hopp til innhold

Ein av fire er einsame

I Noreg svarar 23 prosent av dei spurte i ei undersøking at dei har følt seg einsame i jula. I Danmark er tilsvarande tal 14 prosent. Det viser ein fersk skandinavisk undersøking.

I alt svarte 16 prosent at dei faktisk gruar seg til jul, i Sverige er det 13 prosent og i Danmark er det 12 prosent.

Thomas Hansen, forskar ved Oslo Met og Folkehelseinstituttet, seier einsemd er eit relativt fenomen som er veldig påverka av korleis vi forventar at vi sjølv og dei rundt oss har det.

– I tide vi oppleve at alle andre er glade, som til dømes i jula, og kor vi sjølv ikkje møter dei sosiale behova som er eit utprega fenomen, så står dette i kontrast til korleis det forventast at vi skal ha det. Då kjenner vi ekstra på negative kjensler, seier han.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no