Tajik ynskjer nordisk samarbeid
Arbeidsminister Hadia Tajik (Ap) inviterer til nordisk samarbeid for å hindre selskap i å «organisere seg unna arbeidsgivaransvar».
Tajik meiner SAS-konflikten aktualiserer problemstillinga, som ho beskriv slik overfor VG:
– Vi har sett at arbeidsfolk som er godt kvalifiserte opplever at selskapet lagar eit nytt underselskap, der dei må søkje stillinga si på nytt. Det er ikkje ein ryddig måte å gjere det på, og ein situasjon som vi vil unngå.
Tajik skal nå sende eit brev til sine nordiske ministerkollegaer, med eit ynskje om tettare samarbeid.