Truleg ikkje vald på Raufoss
Mannen som vart funnen alvorleg skadd på Raufoss 10. oktober var truleg ikkje utsett for noko straffbart. Det melder politiet. Politiet rykka ut og meinte mannen kunne ha vore utsett for vald. No meiner politiet at mannen var sjuk.
– Politiets hovudhypotese er at mannen vart råka av akutt sjukdom og at skadane har oppstått som følge av dette. Det er ikkje mistanke om at skadane er sjølvpåført eller knytt til psykiatri, seier politiadvokat Trine Hanssen.
Politiet seier det også er usikkert enno kor lenge mannen låg i bustaden utan hjelp.
Helsetilstanden til mannen er stabil no, og politiet har gjort avhøyr, melder dei.