Hopp til innhold

Vil styrke kontrollen på grensa

Leiaren for Tysklands føderale politiforbund ber om mellombels styrka grensekontroll ved grensa til Polen.

Forbundssjef Heinz Teggert seier at det er ein helserisiko for grensepolitiet når det no kjem eit stort tal personar som ikkje har rett til innreise i Tyskland.

– Våre kollegaer er utsett for ein helserisiko, ettersom koronasmitten framleis er høg, spesielt blant migrantar frå Irak, Syria, Jemen, Iran, Afghanistan og så vidare, seier Teggert.

Talet på personar som blir stoppa ved grensa har auka dei siste månadane, skriv Teggert i eit brev til innanriksdepartementet. Han åtvarar mot ein kollaps ved grensa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no