Myanmar utestengd frå toppmøte
Militærjuntaen i Myanmar får ikkje delta på det komande møtet i den søraustasiatiske samarbeidsorganisasjonen Asean, melder AFP.
Utanriksministrane i Asean-landa tok avgjerda i eit krisemøte fredag.
Militære i Myanmar tok makta i eit kupp i februar, og sette dei folkevalde i landet, blant dei fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi, i husarrest.
Hundrevis av menneske er sidan drepne under protestar mot kuppet, og tusenvis er kasta i fengsel.