Mange skademeldingar etter uvêret
Forsikringsselskapa If, Tryg og Gjensidige har fått i alt 384 skademeldingar etter uvêret i Sør-Noreg, og dei ventar at dei vil få flere. Det melder NTB.
If seier at dei har fått 140 skademeldingar knytt til privatbustadar etter regn, vind, flaum og overvatn på Austlandet og Sørlandet sidan fredag.
– Mange har fått vatn inn i kjellaren, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i ei pressemelding.