Hopp til innhold

Kallar inn til ekstraordinært møte

Den akutte politiske krisa i Sverige har fått regjeringa til å kalla inn til eit ekstraordinært møte søndag, ifølgje SVT.

Måndag er det duka for mistillitsavstemming mot statsminister Stefan Löfvens si regjering. Eit fleirtal i Riksdagen har varsla at dei vil stemma for å fella regjeringa.

Dersom regjeringa blir felt måndag, får Sverige ei overgangsregjering. I møtet søndag skal dei gjera avgjerder i fleire spørsmål som ei overgangsregjering ikkje kan gjera.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no