Eurovision-delegasjon i karantene
Eit medlem i den islandske Eurovision-delegasjonen har testa positivt for koronaviruset. Heile delegasjonen er sett i karantene, kjem det fram i ei pressemelding.
I går fekk ein person i den polske Eurovision-delegasjonen påvist koronaviruset. Heile den polske Eurovision-delegasjonen sit difor også i karantene.
Ingen av desse delegasjonane vil difor delta på opningsseremonien i kveld.