Ni personar drepne etter skyting
Ifølgje Reuters er ni personar drepne etter skyting på ein skule i Kazan, i den russiske delrepublikken Tatarstan. Fire personar er frakta til sjukehus. Augevitne seier at dei framleis kan høyra skot frå skulen.
Ifølgje russiske medier opna to ukjende gjerningsmenn eld ved skulen. Ria Novosti melder at ein tenåring er gripen.