– Vil unngå å stengja skulane
I morgon kjem regjeringa med nye retningslinjer nasjonalt for koronapandemien. I den siste perioden har born og unge i stor grad drive smitten. Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet seier til NRK at dei har hatt mange diskusjonar om skule for å sjå om elevane kan vera til stades på skulen, samstundes som ein får strengare smitteverntiltak. I morgon skal statsminister Erna Solberg orientere Stortinget om kva slags koronatiltak som skal gjelde framover.