Politibil i ulykke på Jæren
Ein politibil kolliderte med ein annan bil under utrykking til ein trafikkulykke på Varhaug på Jæren i føremiddag. Det er meld om lettare personskadar i begge ulykkene, opplyser Sør-Vest politidistrikt. Det skal ha vore svært glatt i området.