Blir fengsla etter gullsmedran
To menn og tre kvinner blir framstilt for fengsling måndag etter ranet av ei gullsmedforretning i Trondheim sentrum laurdag føremiddag. Det melder Adresseavisen. Ranarane blei i går arresterte i Malvik etter ei biljakt på E6.