Tiltalt for kornsmugling
Ein bonde i Halden er tiltalt for å ha smugla over 2000 tonn korn og 50 tonn erter inn i landet. Politiet meiner bonden har seld korn ulovleg, og ikkje betalt toll. Sjølv seier han foret var til eige bruk, fordi han driv gard både i Noreg og Sverige.