Kinesar arrestert for spionasje
Ein kinesar og ein polakk er arresterte i Polen, mistenkte for spionasje. Kinesaren jobbar for mobilselskapet Huawei, og polakken for Orange, melder Reuters. Dei er varetektsfengsla i tre månader. Politiet gjorde razzia på kontora, ifølge polsk TV.