Fem presidentar i minnegudsteneste
Donald Trump, førstedame Melania Trump og fire attlevande tidlegare presidentar er til stades under minnegudstenesta for USAs 41. president. Kista med George H.W. Bush har stått i kongressbygninga og skal bli frakta til Washington National Cathedral.