Brann i historisk bygning i Belfast
Ein kraftig brann gjorde stor skade på eit historisk bygningskompleks i Belfast i Nord-Irland i dag. Toppetasjen i det fem etasjar høge bygget vart totalskadd i brannen. Bygningen frå 1785 husar hovudkvarteret til kjøpesenterkjeda Primark.