Norwegian fryktar motortrøbbel
Flyselskapet Norwegian fryktar motortrøbbel på elleve nye Boeing 787 Dreamline-fly som skal bli leverte. Flya er utstyrte med Rolls-Royce-motorar, og produsenten sa måndag at det er oppdaga eit problem knytt til kompressoren i jetmotoren Trent 1000.