Flyplass gjenopna etter bombefunn
London City Airport i Aust-London, som blei stengt etter funn av ei bombe frå andre verdskrigen søndag, er tysdag opna igjen. Det melder AFP. Den rundt 500 kilo tunge bomba blei funnen i elva Themsen i samband med utbetringar av flyplassen.