I fengsel for kollisjon
Ein 47-år gammal mann er dømd til 30 dagar fengsel etter ein kollisjon på E18 i januar i fjor, melder NTB. Halvparten av dommen er gjort vilkårsbunde. Han må også betale 12 000 i sakskostnader. Mannen er alvorleg skadd etter ulukka, det same er ei kvinne. Fire bilar var involverte i ulukka, som mannen ikkje hugsar noko frå.