Mogleg skotskade i Horten
Ein person skal vere skadd i Horten, melder politiet i Vestfold. Det er førebels uvisst kva som har skjedd, men det kan vere snakk om ein skotskade. Politiet fekk melding frå AMK om at ein person var skadd i Karl Johans vern, melder NTB.