Hopp til innhold

Val på Madagaskar i oktober

Datoen for eit nytt val er sett i Madagaskar. 25. oktober er dagen då øystaten skal sette eit førebels punktum for den pågåande politiske krisa i landet.

Madagaskar har vore gjennom statskupp, og kampen om makta har vore stor. Fleire av dei tidlegare leiarane i landet hadde meldt seg som kandidatar i det kommande valet, noko som har vakt misnøye hos internasjonale aktørar. Dei er alle nekta å stille til valet, som altså vil finne stad til hausten.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no