Coveret på Beatles-albumet Abbey Road.

Biletet av dei fire Beatles-medlemene som går over fotgjengarovergangen ved Abbey Road Studios har vorte utsett for svært fantasirik tolking opp gjennom dei 50 åra som har gått sidan det kom ut.

Foto: EMI

Tida då Paul McCartney var død

Har du høyrt det før? At Paul McCartney eigentleg døydde i 1966 og vart erstatta av ein dobbeltgjengar? Og ryktet lever i beste velgåande på Internett.

På slutten av 1960-talet og gjennom store delar av 1970-talet gjekk det hardnakka rykte over heile verda om at Paul McCartney var død. Biletet over var eitt av fleire som sette skikkeleg fart i spekulasjonane om at tenåringsidolet døydde i ei trafikkulukke i 1966.

Han skal ifølgje rykta ha blitt erstatta av ein foreldrelaus skotsk unggut, William Shears Campbell, som i tillegg til å vere ein drivande god musikar, også var lik Paul McCartney. Han vart plukka ut etter ein konkurranse mellom fleire, og dei truande seier at ingen har høyrt frå han sidan.

Andre igjen meiner han aldri har eksistert.

Plastiske operasjonar

Ifølgje konspirasjonsteoretikarane gjekk han, trass likskapen, gjennom fleire plastiske operasjonar før han vart den nye Paul McCartney. Som såg akkurat ut som den gamle. Og høyrdest ut som den gamle og var like musikalsk kreativ.

Og dette gjekk folk rundt og trudde på, spør du?

Mange gjorde det. Det var eit heitt tema blant musikkinteresserte ungdomar. Sjølv var eg ein langhåra tenåring som sjølvsagt spelte i band, på den tida rykta gjekk som hardast. Eg var aldri blant dei «truande», men må vedgå at ein del av det som kom fram høyrdest truverdig ut. Så heilt sikker kunne ein ikkje vere.

Ifølgje dei som trudde på rykta er biletet over, som er framsida på albumet Abbey Road frå 1969, full av symbolikk som skulle peike mot at den opphavlege McCartney ikkje lenger var blant dei levande. Biletet er teke på ein fotgjengarovergang like utanfor Abbey Road-studioet i London, der gruppa spelte inn albumet.

Staden har vorte ikonisk, og det er ikkje få amatørbilete som er tekne av folk som går over opp gjennom åra, i eit forsøk på å lage seg ei privat Beatles-oppleving. Også Paul McCartney vende tilbake hit då han skulle ta bilete til eit album mange år seinare. Vi kjem tilbake til det.

Den første pop-konspirasjonen

Terje Emberland, seniorforsker HL-senteret

Terje Emberland er seniorforskar ved Holocaustsenteret i Oslo og ekspert på konspirasjonsteoriar.

Foto: Petter Melsom / NRK

– Ryktet om at Paul McCartney var død var kanskje den første store konspirasjonen av denne typen. Seinare har vi fått historier om kven som var ansvarleg for Lady Dianas død, historier om at Elvis lever og ulike rykte om Michael Jacksons død, seier seniorforskar og konspirasjonsekspert Terje Emberland til NRK.

Han meiner slike konspirasjonar er endå meir utbreidde i dag enn dei var på 1970-talet. Årsaka til dette er framveksten av Internett og sosiale medium. Tidlegare var ein avhengig av trykte medium.

– Dette er eit klart ungdomsfenomen. Unge menneske likar å leite etter skjulte spor i tekstar. Det er om å gjere å ha noko nytt å kome med, også for å gjere seg sjølv interessant i gjengen. Det er som ein leik i ungdomskulturen, seier Emberland.

Han viser også til rykta på Internett i dag om Lady Gaga, som blant anna fortel at den suksessrike artisten er ein del av «verdsregjeringa» Illuminati.

Lennon i kvitt

Tilbake til albumcoveret og rykta om McCartneys død. Fremst går John Lennon i kvit dress. Det kvite skulle symbolisere det reine og det heilage, og Lennon var dermed presten, eller ifølgje enkelte, sjølvaste Gud.

Abbey Road i London.
Foto: Carl De Souza / AFP

Bak Lennon går trommeslagar Ringo Starr. Han er kledd i svart, og det skulle bety at han var gravferdsagenten. The Undertaker. Alternativt at han symboliserte sorga.

Bak Ringo går Paul sjølv. Han er i motsetning til dei tre andre berrføtt. Berre føter symboliserer døden i fleire orientalske religionar, vart det sagt. Om som ikkje det var nok, så held han sigaretten i høgre handa. Og det var svært så mystisk for ein venstrehendt mann.

Tilfeldig? Neppe!

Sist går George Harrison, kledd i dongeribukse og dongeriskjorte. Frå gammalt av har dongeri vore brukt som arbeidsklede. Altså symboliserte George Harrison gravaren.

Så var det bilskilta på Folkevogna i bakgrunnen. På skiltet står det LMW 28IF. Det vart tolka som Linda McCartney weeps (eller Widow) og 28 IF blei lese som at McCartney ville ha vore 28 om han hadde vore i live.

Dame-virvar

Det som skurrar mest her er at Paul ikkje gifte seg med Linda før i 1969, og at han faktisk var 27 år og ikkje 28, då biletet vart teke. På tida då han skulle ha gått bort, var han framleis saman med ungdomskjærasten Jane Asher.

Soga fortel ikkje korleis ho reagerte på å plutseleg få ein heilt ny mann i huset. Eller var ho blant dei som vart tvungne til å halde kjeft om det?

Og det var vel ikkje så lenge etter dette at forholdet mellom dei to kollapsa. Tilfeldig?

Dei skarpøygde har også sett ein ambulanse på biletet, og at ein bil langt i bakgrunnen har retning direkte mot Paul.

Biletet på Abbey Road var berre eitt av mange der det vart funne massevis av teikn som peika i retning av at Paul McCartney verkeleg var død.

The Beatles

The Beatles i deira velmaktsdagar på midten av 1960-talet.

Foto: APF Photo/Scanåix

Takk for sist

Då Paul McCartney gav ut livealbumet «Paul is Live» 24 år seinare, brukte han igjen fotgjengarfeltet utanfor Abbey Road Studios. Denne gongen er han åleine med ein hund av rasen Old english sheepdog på biletet. Det er parkert ei kvit folkevogn på same staden som på Abbey Road-albumet, men med eit anna registreringsskilt: 51 IS.

Og McCartney var nettopp 51 år då albumet kom ut. Eit lite stikk til konspirasjonstilhengjarane, kanskje?

Rykta om Beatles-bassisten sin død byrja å gå alt i 1966. Under innspelinga av albumet «Magical Mystery Tour» i eit studio i London skulle McCartney, seint på natta til 9. november, ha storma ut av studioet i sinne, etter ein heftig krangel med John Lennon. Han skal ha sett seg i bilen sin, ignorert gatelys og trafikkreguleringar og kollidert med ein annan bil, eller ein lyktestolpe.

Bilen hans kom i brann, og han var så forbrent at ingen av dei som kom til kjende han igjen, ifølgje rykta.

Dødsfallet skapte panikk både i The Beatles, hos britiske styresmakter og ikkje minst hos plateselskapet, blei det fortalt. Så var det «nokon» som bestemte at dei skulle halde dødsfallet skjult og finne ein dobbeltgjengar.

The Beatles i 1969

The Beatles fotograferte i 1969, då det gjekk mot slutten av samarbeidet.

Foto: Bruce McBroom / CAMERA PRESS DIGITAL

– Frykt for skattesvikt

Årsaka til dekkoperasjonen skulle ha vore frykt for svikt i platesalet. Ja, nokre av rykta fortalde at den britiske regjeringa var så redd for mindre skatteinntekter som følgje av nedgang i platesalet, at dei var den viktigaste pådrivaren for å halde Paul McCartneys død skjult.

Høyrest vel tilforlateleg ut, det, eller?

Mange la merke til at Beatles heilt slutta å turnere på denne tida. Gruppa sjølv sa heile tida at det var fordi dei var leie av den slitsame reisinga.

Rykta gjekk mest i det stille dei første åra, men dei skaut fart for alvor i 1969. Det skal ha vore studentar ved Universitetet i Des Moines i Iowa i USA som sette fart i spekulasjonane. I ei studentavis vart det eine «beviset» etter det andre for at Paul McCartney var død, presentert.

Så var det den legendariske plateprataren Russel Gibb ved ein radiostasjon i Detroit som byrja å ta skriveria frå Universitetet i Des Moines opp i radioprogrammet sitt, og snøballen byrja skikkeleg å rulle. Gibb døydde tidlegare i år, og minneorda om han viste at McCartney-konspirasjonen var det han verkeleg vart hugsa for.

Snart var rykta over heile verda, og det var ikkje småtteri som kom fram. Det vart funne massevis av skjulte teikn og symbol på ulike LP-cover frå Beatles, og ved å spele platene deira baklengs kom det fram skjulte bodskapar som fortalde at Paul var død.

Dei som leitar, dei finn.

Ei lita samling hint og teikn på YouTube

Baklengs-speling

Det å spele plater baklengs var ein heilt vanleg fritidssyssel blant ein del unge menneske på 1970-talet, og det dukka stadig opp nye fantasifulle teoriar om kva som vart sagt baklengs.

Forskaren Terje Emberland meiner at det å spele plater baklengs og lytte etter skjulte bodskapar tok av etter McCartney-rykta. Seinare var det ulike kristenkonservative grupper som brukte teknikken når dei skulle finne musikk dei meinte var skadeleg for ungdomen.

Ved å lytte til Black Sabbath og Ozzy Ozborne, Led Zeppelin, Frank Zappa og andre fann dei maskerte bodskapar om satanisme og andre skumle ting, og dei kravde at platene skulle merkast at dei inneheldt element som kunne vere ein fare for dei unge.

Men det starta altså med Beatles og Paul McCartney.

Til dømes kan ein, når ein spelar «Strawberry Fields forever» baklengs, høyre John Lennon seie på slutten, etter at musikken var slutt: «I buried Paul» (Eg gravla Paul). Lennon seier at det han sa på slutten av plata var «Cranberry Sauce». Det var typisk for John Lennon å slenge inn ord på platene som ikkje hadde noko med den øvrige teksten å gjere.

Dette var eit eksempel på hans form for humor, seier dei som kjende han.

Konspirasjons-eldorado

Ein stad i låten «I’m so tired» kunne ein etter seiande høyre, og det var stadig Lennon: «Paul is dead, Paul is dead, miss him, miss him». Baklengs, sjølvsagt.

Dobbeltalbumet «The Beatles», som på grunn av at det var heilt kvitt fekk tilnamnet «The White Album», var eit eldorado for konspiratorisk innstilte baklengs-entusiastar. Blant anna på låten «Revolution number 9».

Albumet «Sergeant Pepper’s Lonely Hearts Club Band» var også full av symbolikk, skulle ein tru dei som sette fram teoriane. Blant anna har Paul McCartney ei uniformsjakke på seg, der emblemet på høgre arm inneheld bokstavane OPD. Det er eit offisielt britisk uttrykk for Officially Pronounced Dead (Offisielt erklært død).

Det finst også ei naturleg forklaring. Uniforma var frå det kanadiske politiet, og bokstavane var ikkje OPD, men OPP. Det står for Ontario Provincial Police. Ontario er som kjent ein provins i Canada.

For om det var mange teikn og symbol på Abbey Road, så kunne ein verkeleg gasse seg med «Sergeant Pepper’s Lonely Hearts Club Band»: Biletet på fronten av albumet viser «det nye» Beatles midt i biletet, medan det «gamle» Beatles er plasserte rundt omkring saman med fleire historiske personar.

Heile coveret ber preg av gravferd. Framfor bandet er det ei grav med blomar. Dei gule blomane skal visstnok kunne lesast som «Paul», og dei er også forma ut som ein bassgitar av den typen Paul brukte. Paul er den einaste som står rett mot kameraet som ein pappfigur, medan dei andre er fotograferte frå sida.

No blir det sært

Så byrjar det å bli spesielt. Om ein held ein spegel mot tromma på framsida, der det står «Lonely HEARTS», blir den spegelvende teksten «1 ONE IX DIE. 1 ONE skulle bety 11 og IX er ni. Det skulle bety datoen 9.11, 9. november, datoen då Paul skulle ha mist livet.

Sgt Pepper-tromme

Dette er stortromma på Sergeant Petter-albumet spegelvendt.

Foto: EMI

Under bokstaven T i Beatles står ein statue av hinduguden Shiva, Øydeleggjaren, og peikar mot Paul. Med venstre handa peikar guden mot den «gamle Paul, medan den høgre peikar rett opp mot «den nye».

Dukka til høgre på biletet, med kvitstripa genser, har ein liten kvit bil med blodig interiør på fanget. Det skulle vere ein modell av bilen Paul brukte då han skulle ha mist livet.

Dei hengde seg også opp i at Paul var den einaste på biletet som held i eit musikkinstrument, kva no det skulle symbolisere.

På baksidebiletet av albumet sit Paul med ryggen til fotografen, og George Harrison peikar på teksten «Wednesday morning at five O’ Clock as the Day begins (She’s leaving Home). Ifølgje rykta skulle ulukka ha skjedd nettopp klokka fem om morgonen.

A Day in the Life

I teksten på «A Day in the Life» vart det funne fleire hint:

«He blew his mind out in a car, he didn’t notice that the lights had changed». (Han bles ut hjernen sin i ein bil, han merka ikkje at lysa hadde skifta»

Også på Sgt. Peppers-albumet var det fleire hint. «Let me introduce to you, the one and only Billy Shears».

Dette blei tolka som at det var introduksjonen av den «nye» Paul, William Shears Campbell, med kjælenamnet Billy. Beatles sjølve seier at stemma seier Billys is here, ikkje Billy Shears. Dette er altså den unge mannen, det foreldrelause musikalske geniet og dobbeltgjengaren som tok over identiteten til Paul McCartney, etter hans påståtte død.

Og lista er lang over låtar med ymt om kva som eigentleg skjedde med Paul. På «Let it Be» slapp ein til og med å spele plata baklengs. For kva seier du til denne tekstlina?

«When I wake up to the Sound of Music, Mother Mary comes to me»

Dette blir forstått som om at Paul møtte mor si I himmelen. Mary McCartney døydde då Paul var 14 år gammal. Mother Mary er også det engelske namnet på Jomfru Maria, mor til Jesus.

Og mange var heilt sikre på at når dei spelte låttittelen «Let it Be» baklengs, så blei det til «He is dead»

Meir baklengs

Så er det «Get Back». Når ein spelar refrenget baklengs, så vart det til «I need some Wheels. Help me, Help me». Og alle måtte no forstå at det var direkte retta mot det faktum at Paul McCartney krasja med bilen sin.

Litt sær tolking, kanskje?

Så var det ein av låtane som Ringo Starr laga, «Don’t pass me by». Her er den følgjande tekstdelen veldig mystisk, også når han blir spelt rette vegen: «I’m sorry that I doubted you, I was so unfair. You were in a Car crash, and you lost your hair».

Ei meir sannsynleg tolking er at Ringo måtte finne på noko som rima på unfair, og då var truleg hair det første han fann når han slo opp i rimordboka.

Andre igjen meiner det peika på bilulukka, der Paul skulle ha blitt sterkt forbrent, og då gjekk nok håret med også. Eller var det eigentleg head og ikkje hair? Her er ikkje ekspertane samde.

Det skal visstnok vere sant at Paul var i ei bilulukke på denne tida, men at den einaste skaden var ei skramme på overleppa. Noko som gjorde at han byrja med bart.

Kven er kvalrossen?

Etter kvart vart det funne mange hint og teikn også på albumet «Magical Mystery Tour» frå 1967. På dette albumet har alle fire bandmedlemene merkverdige kostyme på, og Paul er kvalross. Det skal visst vere symbol på døden i nokre religionar.

Og kostymet hans var svart. Og vi veit alle kva svart er symbolet på.

Seinare har det kome fram at det faktisk var Lennon som var kvalrossen på biletet.

Han går også berrføtt, og det er som vi veit også eit symbol på døden. På stortromma til Ringo står det «Love the 3 Beatles». På eitt av bileta på albumet sitt Paul på ein pult. Her står det eit skilt med teksten «I was you» (Eg var deg).

Ei engelsk avis spurde ein gong Paul McCartney sjølv om det verkeleg var slik at han eigentleg var død.

– At eg er død? Eg er alltid den siste til å få vite ting, var det kryptiske svaret hans.

Paul McCartney og Jane Asher i januar 1968.

Paul McCartney og Jane Asher fotografert i Hannover i Tyskland i 1968.

Foto: Bob Dear / AP

Klassisk musikk

Eg var ein musikkinteressert ungdom på 1970-talet. Musikk var viktig for oss, store delar av identiteten vår var knytt til kva musikk vi høyrde på. I min veneflokk gjorde vi narr av dei som ikkje hadde same musikksmaken, særleg gjekk det hardt utover dei som likte cowboymusikk eller svenske danseband.

Vi høyrde mest på rock, men hadde eit nært forhold til Beatles. Vi rekna det nærmast som vår klassiske musikk.

Paul McCartneys moglege død vart ivrig diskutert på festar og andre samkomer, og stadig vekk var det nokon som hadde høyrt eller lest noko nytt på feltet. Og hugs at dette var lenge før Internett.

Så seint som på første halvdel av 1980-talet snakka eg med ein kar som framleis var heilt overtydd om at Paul McCartney var død. Han hadde lese alt han hadde kome over om rykta, sa han, og han hadde konkludert med at Paul McCartney verkeleg hadde gått bort.

Det var for mange teikn og ymt til at det kunne vere tilfeldig, meinte han.

Konspirasjonane lever

Men det verkar som om interessa rundt rykta om Paul McCartneys død vart mindre og mindre utover 1980-talet, i takt med at Paul McCartney stadig gav ut ny musikk, både åleine og saman med Wings. Men tru ikkje at det er slutt på konspirasjonane.

Eit søk på Internett gir mange treff. Mykje er gjentakingar av gamle rykte, men det er også ein del nytt. Til dømes ei side som meiner dei via diverse foto av Paul før og etter 11. november 1966, kan bevise at det ikkje er snakk om same personen.

Det er også «ekspertar» som meiner at stemma hans før og etter 1966 ikkje kan vere den same.

Ein kan velje og vrake i dei mest fantastiske historiene. Kva med denne?

George Harrison, som døydde i 2001, hadde ifølgje filmskaparen Joel Gilbert visstnok levert frå seg to kassettband med tittelen «George Harrisons siste testament». Her skal Harrison har fortalt «sanninga» om kva som skjedde med McCartney.

Her heiter det at MI5, ein av dei britiske etterretningsorganisasjonane, tvang The Beatles til å dekke over dødsfallet for å hindre at nyheita skulle utløyse kaos og massesjølvmord blant fansen.

– MI5 tok livet av Lennon

Dei attlevande medlemene likte dette dårleg, og dei prøvde å gi fansen hint om det som hadde skjedd ved hjelp av detaljar på albumcover og i songar, ifølgje Gilbert. Og det var også MI5 som stod bak drapet på John Lennon i New York i 1980. Dei frykta nemleg at han kunne kome til å røpe løyndomen om Paul.

Det er litt uklart om Joel Gilbert laga ein tulledokumentar, eller om han verkeleg meinte det alvorleg.

Uansett. Det var berre tull. George Harrison lèt aldri etter seg noko lydband der han fortel sanninga om Pauls død.

Bok om Billy Shears.

Memoarane til Billy Shears har kome i bokform.

Foto: Faksimile

Eller kva med forfattaren Thoms E. Uharriet, som gav ut boka «The memoars of Billy Shears» i 2009? Ein norsk bloggar har meldt boka, og skriv blant anna:

«Boken er viktig fordi den gir en unik innsikt i de okkulte kreftene som styrer musikkbransjen og verden for øvrig, hvordan makteliten tenker og hvordan satanistiske ritualer iscenesettes og utspiller seg foran øyne av en hel verden for naive til å legge merke til alle tegnene som bevisst blir vist dem. Utskiftningen av en verdensberømt person med en annen uten at noen la merke til det inngår antakelig i et okkult ritual med omfattende implikasjoner som boken gir grensesprengende innsikt i. Etter 1966 finnes knapt den Beatles-sang hvor det underliggende temaet forkledd som kjærlighetssanger handler om at Paul er død».

Så til liks med Paul McCartney er konspirasjonen i høgste grad i live.

– Alt er tilfeldig

Den nederlandske forfattaren H.V. Fulpen tok føre seg alle dei ulike teikna og spora på Beatles-platene i boka «An illustrated Diary», og han har konkludert med at alt har ei heilt naturleg forklaring. Ifølgje NRKs Beatles-ekspert Bård Ose er dette det grundigaste og beste som er skrive om temaet.

Ved å gå gjennom teikn for teikn, tekstar spelte både framlengs og baklengs, har Fulpen greidd å slå fast at Paul McCartney er den same personen han alltid har vore. Billy Shears Campbell er ein fantasifigur.

Konklusjonen er at alle desse små teikna som vart tolka som å støtte opp om ryktet om at Paul var død, berre kan tolkast som teikn og spor dersom ein går inn for å finne nettopp det. Alt var tilfeldig.

Ta til dømes då dei skulle fotografere framsidebiletet til Abbey Road. Fotografen har fortalt at dei hadde dårleg tid. Dei ville eigentleg ha fjerna Folkevogna i bakgrunnen, men dei fann ikkje eigaren. Paul McCartney gjekk berrføtt fordi han likte å gå utan noko på føtene når det var varmt, og det var det denne dagen.

Kleda er dei same som dei hadde på i studio, ingenting var eigentleg planlagt, har fotografen sagt.