Hopp til innhold

Vil opne lommeboka for flyktningar som vil heim

Frp vil at fleire flyktningar skal reise heim igjen. Partiet vil bruke opp mot ein halv million kroner i støtte til ein familie som vender tilbake til heimlandet. Dei får støtte frå uvanleg hald.

Frp legger frem rapport om innvandring og integrering.

GULROT: Leiar Sylvi Listhaug og nestleiar Jon Helgheim i innvandrings- og integreringsutvalet i Frp vil stille tøffe krav til innvandrarar, men ønskjer også å ta i bruk pengestøtte som verkemiddel.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Vi ønskjer at fleire skal kunne reise heim til landet dei rømte frå og vere med på å bygge opp landet, seier Frp-nestleiar Sylvi Listhaug. Ho leiar arbeidet med å utvikle ny politikk i Frps innvandrings- og integreringsutval.

At Frp vil ha fleire innvandrarar til å reise heim, er ikkje nytt.

Men tiltaket ho presenterer for Frp-landsmøtet i helga, har eit litt annleis preg enn vi er vande med å høyre frå Frp.

Økonomisk gulrot

Forslaget handlar om flyktningar som har fått lovleg opphald i Noreg, altså «ja» på asylsøknaden.

Sjølv om «ja» på ein asylsøknad i utgangspunktet berre betyr midlertidig opphald i Noreg i tre år, er det nemlig mange som blir verande.

Svært få reiser tilbake til heimlandet frivilleg.

Ifølgje UDI var det ni personar som returnerte til heimlandet på denne måten i fjor. Dei fekk 15.000 kroner i støtte.

No vil altså Frp lokke med meir pengar for å få fleire til å reise.

Partiet er inspirert av utviklinga i Danmark. Der har regjeringa auka tilbakevendingsstønaden, og i fjor var det fleire flyktningar som reiste ut frå enn inn i Danmark.

Utvalet Listhaug har leia, ønskjer difor ei mangedobling av pengestøtten til flyktningar som vil reise heim att når heimlandet er trygt.

– Vi kan gjerne bruke 4-500.000 på familiar som ønskjer å reise til heimlandet, seier Listhaug.

Vilkåret skal vere at dei seier frå seg retten til opphald i Noreg, og at dei blir i heimlandet over tid.

Dei fleste forslaga frå utvalet handlar om innstramming, blant anna presenterte utvalet strengare politikk for familieinnvandring og arrangerte ekteskap i Dagbladet i går.

Men alt skal altså ikkje handle om pisk og krav.

– Vi må også bruke gulrot. I dette tilfellet for å få fleire til å reise tilbake, seier Listhaug til NRK.

Uvanleg støtte

Norsk organisasjon for asylsøkarar (NOAS) har ofte sagt seg ueinige med Frps stramme line i innvandringspolitikken.

Men denne gongen synest dei Frp-tanken ikkje er så dum.

Etiopias statsminister Abiy Ahmed blir motteken i Addis Abeba i desember 2019 etter å ha fått Nobels fredspris.

FREDSPRIS: Etiopia kan vere eit land enkelte flyktningar vil returnere til, trur NOAS. Statsminister Abiy Ahmed blir hylla etter Nobels fredspris 2019.

Foto: Tiksa Negeri / Reuters

Fungerande generalsekretær Andreas Furuseth trur nemleg det finst ein del som kan tenke seg å reise heim.

Han nemner Etiopia og Sri Lanka som eksempel på konfliktfylte land der tidvis positiv utvikling kan gjere at nokon vil ønskje å reise tilbake.

– Å gje flyktningar som vil returnere ei så stor pengestøtte at det faktisk er gjennomførbart, er absolutt positivt, seier Furuseth til NRK.

– Viss det blir opplevd som trygt å returnere, vil sjølvsagt ei økonomisk støtte gjere det lettare å reetablere seg i heimlandet. Dagens støtte på 15.000 er ikkje ein særleg stor sum. Det er mykje som skal på plass for å kunne ha eit verdig tilvære.

Men Furuseth er skeptisk til Frps vilkår om at flyktningane må fråseie seg retten til opphald i Noreg for å få slik pengestøtte.

Han meiner det er eit stort steg for mange, og at det bør vere mogleg å prøve ut om det fungerer i heimlandet først.

– Ein bør få kome tilbake til Noreg i løpet av to år viss det ikkje fungerer i heimlandet og heller tilbakebetale støtten ein fekk viss ein returnerer til Noreg. Ein vil ikkje kunne vite alt når ein tek valet om å dra heim.

Dilemma

Ove Trellevik, innvandringspolitisk talsperson for Høgre, er vand med å forholde seg til Frp-krav om strengare innvandringspolitikk.

Denne gongen fryktar han Frp er for gåvmilde.

Ove Trellevik

DILEMMA: Høgres Ove Trellevik ser fordelar og ulemper ved Frp-forslaget.

Foto: Olaug Spissøy Kyvik / NRK

– Vi blir eit veldig attraktivt land å søke asyl i dersom ein kan kome til Noreg å få språkopplæring, utdanning og arbeidserfaring, og så får du attpåtil stor pengestøtte til å returnere når det er trygt heime. Det kan føre til fleire ankomstar til Noreg, seier han.

Men heilt avvisande er han likevel ikkje.

– Vi ønskjer jo også at folk skal reise heim og bygge opp landa sine og vere gode samfunnsborgarar der. Så det er ikkje heilt enkelt dette.

Arbeidarpartiets innvandringspolitiske talsperson Masud Gharahkhani er også til dels positiv, men meiner det finst langt viktigare ting å gripe fatt i i innvandringspolitikken enn dette.

– Dette er jo ei ordning vi har hatt sidan 80-talet. Viss Frp vil gjere den rausare, kan vi alltids sjå på det.

– Er det eit mål at fleire returnerer?

– Det er fint at ordninga er der for dei som har høve og som ønskjer å reise heim å bygge opp landet sitt. Men det er ikkje mange som gjer det fordi konfliktene ikkje tillet det.

Pengestøtte i flyktningleirar

Frp ønskjer også at Noreg skal jobbe for å lage ei liknande ordning for tilbakevendingsstønad internasjonalt.

– Vi bør gå i bresjen. Vi må få med oss FN på å lage ordningar som hjelper flyktningar tilbake, seier Jon Helgheim, som er nestleiar i innvandringsutvalet i partiet.

– Det eg trur dei treng mest er kontantstøtte for å få bygd opp att husa sine og få starta eit nytt liv. I dag har FN ordningar for å hjelpe flyktningar som er utanfor heimlandet sitt, men så snart dei vender tilbake til heimlandet mistar dei støtta.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger