NRK Meny
Normal

Vil ha meir nivådeling i Oslo-skulen

Den raud-grøne regjeringa kjem med tiltak for å kontrollere den aukande bruken av nivådelt undervisning i norsk skule. Høgres skule-byråd ber Oslo-skulen gjere det motsette.

Torger Ødegaard.
Foto: Mette Ballovara / NRK

Lovverket seier at det til vanleg ikkje er tillete å dele elevane inn i grupper etter fagleg nivå. Likevel ser det ut til å bli meir nivådeling i skluen. I stortingsmeldinga «På rett vei» som kom fredag omtalar Regjeringa denne utviklinga i kritiske ordelag.

Kunnskapsdepartementet kjem med ei rekke argument mot nivådelt undervisning.

«Det er andre pedagogiske virkemidler som har langt større effekter på elevenes læringsutbytte enn å etablere nivåbaserte elevgrupper» skriv departementet i stortingsmeldinga.

– Lærer best blanda

– Mange fleire skular deler no elevane inn etter nivå i delar av undervisningen. Vi veit ikkje om den auken er på kant med lovverket, men vi er opptekne av at vi skal ha ein inkluderande skule, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen til NRK.

– Men du er ikkje så begeistra for denne auken?

– Det er veldig viktig for læringa til elevane at dei ikkje blir inndelte etter nivå i barne- og ungdomsskulen. Det er fordi dei fleste elevar lærer best i blanda elevgrupper.

Regjeringa varsla fredag to tiltak som dreier seg om nivådeling. Det eine er at dei vil utarbeide ein rettleiar slik at norske lærarar og skuleleiarar skal få meir kunnskap om kva lovverket seier om dette. Det andre er at det vil bli gjennomført tilsyn med måten norske skular praktiserer nivådeling.

– Bekymringsfull skepsis

– Eg høyrer ein kunnskapsminister som er veldig skeptisk til nivådeling. Det synest eg er veldig bekymringsfullt, for det er altfor lite nivådeling i norsk skule, kontrar skulebyråd i Oslo, Torger Ødegaard (H).

– Eg tolkar dette i retning av at Regjeringa ønskjer ei innstramming, seier han.

Sjølv vil han gjere det motsette av å stramme inn.

– Det handlar om at alle elevar skal få noko dei kan strekke seg etter, seier Ødegaard, som meiner det er snakk om god tilpassa opplæring.

Prinsippavklaring

I førre veke fekk han ei prinsippavklaring frå Utdanningsdirektoratet på sitt bord som gleda han.

Kastellet skole i Oslo har nemlig drive ein omdiskutert praksis med meistringsgrupper i matte, engelsk og norsk. Elevane der blir i delar av undervisninga delt i tre ulike faglege nivå.

Spørsmålet har vore om det var i tråd med lovverket eller ikkje.

Opplæringslova seier nemlig at elevane «til vanleg» ikkje skal vere delt inn etter nivå.

Fylkesmannen meinte Kastellet dreiv i strid med lova, men Utdanningsdirektoratet overprøvde vedtaket. Det er denne avklaringa som gjer at Ødegaard vil oppfordre alle skular i Noregs største kommune om å drive meir med nivådelt undervisning:

– Dette er eg sjølvsagt glad for, og framover vil eg sørge for at alle skular i Oslo gjennomfører forskjellige former for meistringsgrupper og nivådifferensiering. Alle skular må gje eit differensiert tilbod til elevane, fastslår Ødegaard.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger