Hopp til innhold

Vil ha eigen asylkvote for IS-slaver

Heikki Holmås (SV) sender i morgon brev til innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) med spørsmål om eigne asylkvotar for folkegruppa yezidiane frå Syria. – Nadia Murad og dei andre kvinnene treng vår hjelp, seier han.

Nadia Murad (22)

TYDELEG: Yezidien Nadia Murad (22) vart seksuelt torturert på det grovaste av Den islamske stat (IS), og ber om at Noreg hjelper folkegruppa. Heikki Holmås (SV) stiller spørsmål om dette til stortinget torsdag.

Foto: NRK

– Eg vil vite om statsråd Sylvi Listhaug (Frp) er villeg til å prioritere særleg sårbare grupper som yezidiane ved uttak av flyktningar frå Syria, seier Heikki Holmås (SV)

Han sender torsdag skriftleg spørsmål om dette til innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) gjennom stortinget.

Sjå intervjuet med Nadia på Urix:

IS behandlet henne grusomt i tre måneder før hun klarte å flykte. Den siste tiden har Nadia Murad (22) reist til mange land for å fortelle sin historie. Under innspillingen av kveldens Urix-program ble det for tungt

Holmås møtte 22-år gamle Nadia Murad frå Syria i førre veke. Ho reiser frå land til land for å be om hjelp til å stogge overgrepa hennar folk, yezidiane, vert utsette for.

På møtet med Holmås var beskjeden klar; Gjer som Tyskland, og redd desse kvinnene frå slaveriet og torturen.

– Mogleg å prioritere desse

I Tyskland har dei prioritert å hjelpe utsette grupper som yezidiane som Murad er, gjennom ein organisasjon kalla «Hatune Foundation». Tyskland er det einaste landet i

Heikki Holmås

BER OM SVAR: – Eg vil vite om innvandringsministeren er viljug til å la yezidiane få kome til Noreg på eigne kvotar, seier Heikki Holmås (SV).

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

verda som har eit slik tilbod til krigsutsette kvinner frå dette området.

Heile delstaten Baden-Württemberg har dette programmet for yezidikvinnene.

– Vi kan prioritere denne gruppa i Noreg og. Det har vore politiske føringar tidlegare i andre liknande saker. Yezidiane er heilt klart ein minoritet som vert forfølgde. Eg vil vite om Listhaug er klar til å prioritere desse, seier Holmås.

Terrorgruppa Den Islamske stat (IS) torturerer kvinner i utstrekt skala i sin krig for eit eige Kalifat. Fleire vitnesbyrd det siste året fortel om kvinner som vert torturerte på det verst tenkelege gjentekne gonger av menn som er med i IS.

Sven Mollekleiv, president i Norges Røde Kors, seier han trur det er betre å prøve hjelpe der kvinnene er.

– Å frakte alle ut, og føre dei til eit anna land, vil vere vanskeleg. Røde kors gjer det vi kan for å hjelpe internt forfølgde i Syria og Irak, seier han.

Han meiner spesielle hjelpeprogram må vere på plass for å i det heile klare å hjelpe kvinnene.

– Dei er utsette for den verst tenkelege torturen, og treng mykje hjelp.

– Allereie prioriterte

Røde kors har i fleire år arbeidd for å hjelpe kvinner som har vorte utsette for seksuell terror.

Listhaug

MÅ SVARE: Sylvi Listhaug (Frp) vil ha ein streng, men rettferdig asylpolitikk. Kva ho meiner om spørsmålet til Holmås om yezidiane, er enno ikkje klart.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Vi har sett at det å hjelpe lokalt bidreg til å gje kvinnene god hjelp. Fleire stader har vi hatt frivillige som har hjelpt med støtte og omsorg, og kvinnene som er terroriserte, får vere i eit land og eit miljø dei kjenner, og kan vere trygge i, seier Mollekleiv.

Brevet frå Holmås vert sendt torsdag, men departementet svarer onsdag kveld:

– Noreg har i år og i fjor ei av verdas største kvotar for overføringsflyktningar. Sårbare kvinner og familiar med barn vert prioriterte allereie ved uttak, og meiner difor at dagens kvoteordning opnar for flyktningar som Nadia Mudar, seier statssekretær i justis og beredskapsdepartementet Marit Berger Røsland.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger