Hopp til innhold

Vil endre reglane for homofile menn som vil gi blod

Regjeringa vil ha nye blodgiving-reglar for menn som har sex med menn. – Eg spring til blodbanken med ein gong det er lov, seier André Fredheim.

André Fredheim.

SPRING TIL BLODBANKEN: André Fredheim (23) er glad, og litt rørt, over at regjeringa endeleg vil endre blodgiving-reglane for homofile menn.

Foto: Privat

– Oi shit, her er dei på ballen, seier André Fredheim.

Helse- og omsorgsdepartementet har i dag gitt Helsedirektoratet oppdrag å vurdere endringar i karantenereglane for blodgiving for menn som har sex med menn.

I dagens regelverk kan menn som har sex med menn gi blod, men berre dersom det har gått tolv månader etter siste seksuelle kontakt. Dette er grunngitt med at homofile er i risikogruppa for å bli smitta av HIV.

For Fredheim var nyheita frå helsedepartementet overraskande, men ikkje minst god.

– Det er jo utruleg kult og ikkje minst på tide at det blir sett på. At dei skal få reglane til å gi meining, om ein kan seie det på den måten.

23-åringen er homofil, og har engasjert seg i at homofile menn burde få lov til å donere blod.

Person gir blod.

Blodgivarar kjem også i karantene ved å til dømes reise til visse land, bytte seksualpartnar eller ta piercing.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

– Sunn fornuft

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier i ei pressemelding at det er viktig å legge til rette for at dei som kan og vil gi blod, kan gjere det på ein trygg måte.

– For å halde ved like tillita til blodgivarsystemet må vi ha eit regelverk som er basert på faglege anbefalingar og sunn fornuft. Det må ikkje vere unødvendig vanskeleg for nokre grupper å gi blod.

I Storbritannia får homofile gi blod som alle andre Menn som har sex med menn må fortsatt være ett år i sex-karantene før de får gi blod

En smilende britisk politimann får et kyss på kinnet av en mann.

Kjerkol understrekar at blodet i blodbanken skal vere trygt, og at pasienttryggleiken skal vere varetatt.

– Talspersonar for skeive har tatt opp at dagens regelverk er urimeleg. Vi ser at andre land, blant anna Danmark, Sverige og Canada, nyleg har gjort endringar i sine regelverk for denne gruppa, seier Kjerkol.

I Danmark får menn fire månedar karantene etter siste seksuelle kontakt med ein mann, medan i Sverige er det seks månedar. I Canada er reglane no like for både homofile og heterofile.

Håper på likeverdig praksis

– Eg synest dette er kjempepositive signal som kjem frå helseministeren etter at vi altfor lenge har hatt ein diskriminerande praksis når det gjeld blodgiving i Noreg.

Det seier Inge Alexander Gjestvang, leiar i FRI, Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald.

Inge Alexander Gjestvang, leder for Foreningen Fri. 
Beskrivelse: Inge står utendørs i Oslo. Han smiler til kameraet. Bildet viser ham fra skuldrene og opp. Han har på mørk blå jakke, har mørkt skjegg og lyst hår.

Inge Alexander Gjestvang og FRI har lenge jobba for at homofile menn burde få lov til å donere blod på lik linje med andre.

Foto: Foreininga FRI

Han meiner seksuell identitet burde ikkje gi ein ekstra karantene for dei som vil gi blod.

– Eg håper vi får ein likeverdig praksis som gjeld homofile og heterofile som ønsker å gi blod.

I dag har vi også gode rutinar for å fange opp kjønnssjukdommar, meiner Fredheim.

– Eg synest reglane som er i dag berre er veldig, veldig gammaldagse, i forhold til korleis samfunnet har utvikla seg. Sjølvsagt, tilbake på 80-talet var dett ein heilt anna sak, men no er det på tide å i alle fall sjå litt nærmare på dette.

André Fredheim.

Fredheim meiner det er viktig for likestillingsprinsippet at homofile menn får gi blod.

Foto: Privat

Skapte debatt om blodgiving

Fredheim poengterer at menn som er i fast partnarskap med ein menn, og ikkje andre, ikkje har større risiko for å bli smitta med HIV.

– Eg trur argumenta kan gå litt inn i kvarandre, men eg synest det er spesielt viktig og riktig å gjere denne endringa for menn som har sex med menn.

Ytringa hans frå april skapte mykje debatt om kor vidt homofile menn burde få donere blod sjølv om dei har sex med andre menn.

– Det kan ha vore eit lite springbrett kanskje, og skapt litt diskusjonar oppe i høgare makter. Det var jo det som var intensjonen med den også. Eg ville slå eit slag for endringa som eg ville skulle skje.

– Du sa jo i ytringa at du hadde lyst til å gi blod, men du kunne ikkje. Har du framleis lyst?

– Absolutt. Eg spring til den blodbanken med ein gong det er lov!

AKTUELT NÅ