Hopp til innhold

Vil bruke koronakrisa til å bli grønare: – Skal hjelpe oss over kneika

Regjeringa må halde produksjonen i gang og satse på innovasjon for å få den kraftkrevjande industrien gjennom koronakrisa. Det meiner næringa sine fem mektigaste. Her er deira krav til regjeringa.

MS6E7ZScIT4

Hydro Aluminium i Årdal er eit av dei notoriske kraftkrevjande industrianlegga i Noreg.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Det er i slike periodar det gjeld å investere i moderniseringa av den norske industrien, seier Stein Lier-Hansen i Norsk Industri.

Han ønskjer å gjennomføre ei rekkje tiltak, investeringar og innovasjonar i den kraftkrevjande norske industrien, som no går på lågbluss som følgje av koronakrisa.

T7MQzFWI4dU

Stein Lier-Hansen i Norsk Industri.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Med seg i ryggen har han ei anna NHO-foreining og tre av dei største og mektigaste LO-forbunda. Deriblant Industri Energi:

– Dette er tiltak som skal hjelpe oss over kneika, seier forbundsleiar Frode Alfheim i Industri Energi.

Den kraftkrevjande industrien vil bruke koronakrisa til å omstille seg, framfor å berre vente på betre dagar. Saman har organisasjonane utarbeida ei liste med krav som dei i dag la fram for næringsminister Iselin Nybø (V) og olje- og energiminister Tina Bru (H).

Frode Alfheim, forbundsleiar Industri Energi

forbundsleiar Frode Alfheim i Industri Energi.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Dette krev dei:

  • Vidareføring og utviding av CO₂-kompensasjonsordninga, som er til for å hindre industri frå å flytte produksjonen til land med mindre streng klimapolitikk.
  • Ei avgjerd om å setje i gang karbonfangstprosjekta på Fortum Oslo Varme og Norcem Brevik, og dessutan ei avgjerd om å finansiere kabonlagringsprosjektet Northern Lights.
  • At næringa vert sikra tilgang til fornybar kraft og nettinfrastruktur til konkurransedyktige prisar.
  • Oppgradering og modernisering av vasskraftverka, og at den såkalla grunnrenteskatninga blir endra til fordel for kraftprodusentane.
  • Sikring av ei nasjonal hydrogensatsing som inneheld insentiv til prosessindustrien og andre næringar.
  • Ytterlegare elektrifisering av samfunnet.
  • Ein grøn tiltakspakke med vekt på sirkulærøkonomi som skal bidra til å utnytte dei industrielle moglegheitene i klimautfordringane.
  • At styresmaktene ser på regelverket for offentlege innkjøp slik at det offentlege brukar rolla si som innkjøpar til å fremje ulike nasjonale målsetjingar.

Vil bruke pandemien til innovasjon

Kraftkrevjande industri er eit samleomgrep for industri som krev mykje elektrisk straum i produksjonen. Til dømes til aluminiumproduksjon. Fagforeiningane og arbeidsgjevarorganisasjonane fryktar for framtida til næringa som følgje av koronakrisa. Og at dei verste konsekvensane framleis ligg føre dei.

Med redusert produksjon som følgje av krisa ser dei til ei raskare omlegging til ein meir klimavenleg produksjon.

– Vi vil heller utnytte pandemien til å få gjennomført investeringane i staden for at dei stoppar heilt opp grunna økonomisk resesjon i landa rundt oss, seier Lier-Hansen.

Han meiner dette kan bidra til at ein får noko positivt ut av nedgangstidene. Men han fryktar samstundes at den grøne omstillinga av industrien vil bli forsinka som følgje av krisa.

– Investeringane vil bli gjort før eller sia. No står dei i fare for å bli utsett på grunn av krisa vi står i, seier Lier-Hansen.

Skal bransjen få noko positivt ut av krisa treng dei klarsignal frå regjeringa i ei rekkje saker, fortel Lier-Hansen.

– Det er mange prosjekt som er klare til å bli sette i gang. Men dei krev ein del avklareringar. Det er dette vi tar opp med regjeringa i dag, seier Lier-Hansen.

AKTUELT NÅ