
Den utbomba bussen skal stå på Youngstorget til søndag. (Scanpix-foto)
19 menneske vart drepne då ein palestinsk sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv i lufta inne i buss 32 i Jerusalem i juni 2002.
Zaka
Den private organisasjonen Zaka, den same organisasjonen som samlar saman levningane av dei døde etter sjølvmordsaksjonar, som har fått bussen til Noreg.
Framvisinga av den utbomba bussen vekte ikkje særleg forståing i LO-hovudkvarteret på den andre sida av Youngstorget. "Okkupasjon skaper terror ikke fred" stod med svære bokstavar på eit enormt banner som hang på fasaden til LO-bygningen.
Isarels ambassadør Liora Herzl reagaererte på dette. - Det er beklageleg at LO demonstrerer mot bussen og dei drepne på denne måten. Vi hadde håpa på litt større medkjensle og forståing, seier til NTB.
Buss 32
Då buss 32 gjekk i lufta i juni 2002 miste 19 menneske livet og 55 andre vart såra.
- Hensikta med å vise dette bussvraket fram for verda er å vise at terroren ikkje berre er statistikk, men også har eit menneskeleg ansikt, seier Zelig Feiner i Zaka.
Det israelske bussvraket skal stå på Youngstorget til søndag, og deretter skal det vidare til Bergen og Hamar. Seinare skal det sendast rundt til andre europeiske byar.
Liding
Ambassadør Herzl seier at Israel ynskjer å vise litt av det som skjer på israelsk side. - Eg kjenner det slik at Noreg ikkje får høyre om lidingane desse sjølvmordsaksjonane påfører sivile. Normalt får ikkje dette nok merksemd, seier ho.
Ho seier at det ikkje er full forståing for lidingane på israelsk side. - Vi høyrer inga fordømming av terroristane. Dette er brotsverk mot menneskeslekta, og kan ikkje aksepterast, seier ho.
Ulike reaksjonar
Bussvraket på Youngstorget vekte ulike reaksjonar hos folk i dag. Nokre meinte det var provoserande, andre syntest det var ei sterk oppleving. Fleire gav uttrykk for at det var ei sterkare oppleving enn dei hadde trudd på førehand.