Hopp til innhold

Unikt møte framfor kamera: Fjellrev overraska av isbjørn ved hiet

Reven anar fred og ingen fare. Så dukkar ein svær isbjørn opp ved hiet. – Dette er utruleg spesielt, eg blei berre ståande og måpe då eg såg bileta, seier fjellrevforskar Eva Fuglei.

Norsk Polarinstitutt har tatt unike bilder av møtet mellom en fjellrev og en isbjørn på Svalbard.

Sjå heile serien med bilete av møtet mellom isbjørn og fjellrev ved reven sitt hi i Sassendalen på Svalbard. Norsk Polarinstitutt har tatt dei unike bileta med automatisk kamera.

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

NRK har fått tilgang til ein serie med bilete som viser eit unikt møte mellom fjellrev og isbjørn. Bileta er tatt av eit kamera som forskarar frå Norsk Polarinstitutt hadde plassert ved eit revehi i Sassendalen, ca. 30 kilometer aust for Longyearbyen på Svalbard.

Bileta er tatt i løpet av 50 minutt i juli i fjor.

– Eg blei veldig overraska då eg såg bileta, eg tenkte «wow, dette er heilt fantastisk!» Eg sprang inn på nabokontoret og ropte «kom og sjå!» Eg har aldri før sett isbjørn ved eit revehi i dette området, seier Eva Fuglei, som er biolog, og arbeider på Norsk Polarinstitutt.

– Det er veldig spesielle bilete, det var ingen andre der, ingen har komponert bileta, kameraet stod fast, dyra møttest tilfeldigvis framfor kameraet.

Foto 1 180705-154804 - 4
Foto: Norsk Polarinstitutt

– Irriterer seg over reven

– Kva er det vi er vitne til når vi ser desse bileta?

– Det som skjer, er nok at reven har henta mat til kvalpane sine, som er inne i hiet. Isbjørnen er på jakt etter mat, han kjenner lukta, og dukkar opp for å få seg eit lite måltid. Det kan gjerne vere restar av gås, sjøfugl og reinsdyrkadaver, seier Fuglei.

Fjellrevforsker Eva Fuglei, Norsk Polarinstitutt

Fjellrevforskar Eva Fuglei på jobb på Svalbard.

Foto: Marita Strømeng / Norsk Polarinstitutt

Ho ser heilt tydeleg at det er ei viss spenning mellom dei to dyra som går fram og tilbake rundt hiet.

– Isbjørnen bryr seg nok ikkje så mykje om reven, bortsett frå at han irriterer seg litt over den vesle «rakkaren» som følgjer etter han heile tida. Reven ser ut til å vere veldig ivrig etter å få isbjørnen bort, han forsvarar hiet. Han følgjer etter i hælane på isbjørnen heile tida, men trekkjer seg unna kvar gong bjørnen snur seg med andletet mot reven. Det er jo utan tvil isbjørnen som er den største og sterkaste her.

Foto 6 180705-151253 - 3 - 2
Foto: Norsk Polarinstitutt

– Imponert over den vesle reven

– Trur du reven var redd for sitt eige liv?

Foto 2 180705-154811 - 1
Foto: Norsk Polarinstitutt

– Det er vanskeleg å seie. Fjellrev er vanlegvis ikkje eit bytte for isbjørn, for det er for lite mat i ein rev. Fjellreven veg 3–4 kilo, mens isbjørnen veg 300–500 kg. Viss isbjørnen hadde fått tak i fjellreven så hadde han lett kunna drepe han. Men det er nok vanskeleg for isbjørnen å vere rask nok til å få tak i ein kvikk liten rev. Isbjørnen gjekk nok gjennom heile dalen, og då han ikkje fann meir mat i området, så gjekk han berre vidare, seier Fuglei.

– Eg er eigentleg litt imponert over den vesle reven, legg ho til.

– Aldri sett noko slikt før

jon aars og bjørnunge

Isbjørnforskar Jon Aars saman med ein isbjørnunge på Svalbard.

Foto: Jon Aars / Norsk Polarinstitutt

Isbjørnforskar Jon Aars ved Norsk Polarinstitutt seier at han aldri før har sett isbjørn og rev så tett på kvarandre.

– Dette er fantastiske og svært uvanlege bilete, seier han.

– Det er interessant å sjå korleis dei to dyra opptrer. Bjørnen er interessert i revehola, reven forsvarar hiet. Eg trur nok ikkje bjørnen vil ta reven, seier Aars.

Mindre is nord for Svalbard – isbjørnen er meir på land

Han meiner at desse bileta først og fremst illustrerer eit fenomen.

– Isbjørnen bruker meir tid på land enn tidlegare. Det skuldast at det er mindre is i havområda nord for Svalbard. Bjørnen bruker blant anna meir tid ved fuglekoloniar. Dette har vi gode data på frå isbjørnbinner som har hatt telemetri-halsband. Det er også mykje data frå fugleforskarar som har sett ein stor auke i plyndring av egg og ungfugl hos ærfugl og gjess.

Dyra konkurrerer i større grad om dei same ressursane. Det er meir konkurranse både på is og land. Så det er nok sannsynleg at vi vil få fleire slike møte mellom rev og isbjørn i framtida, seier Aars.

Foto 3 180705-154812 - 3
Foto: Norsk Polarinstitutt

– Naturleg sameksistens

Eva Fuglei omtalar fjellrev og isbjørn som «karakterdyr» i Arktis.

– Isbjørnen er mest knytt til havis og fjellreven på tundraen, men reven traskar jo over havisen og knyter alle fjellrevbestandane i Arktis saman. Dei to lever i ein naturleg sameksistens. Vi kan ofte sjå fjellrevspor i fotspora til isbjørnen. Ser du eit isbjørnspor, så ser du gjerne eit fjellrevspor også. Isbjørnen jaktar og drep sel på isen, men et først og fremst spekket på selane. Då blir det mykje mat igjen til ein svolten fjellrev. Fjellrev er ein åtseletar, og et det som er igjen på eit kadaver etter at isbjørnen har tatt sitt, seier Fuglei.

Foto 4 180705-154817 - 5
Foto: Norsk Polarinstitutt

Overvaking med kamera

Bileta frå Sassendalen er altså tatt av eit kamera som er sett opp i samband med det overvakingsarbeidet som Norsk Polarinstitutt har ansvar for. Instituttet har ansvar for å langtidsovervake fjellrev, svalbardrype og svalbardrein, for å hente data om trendar i bestandane over tid. Dette er nødvendig for at instituttet skal kunne gi råd om korleis dei skal forvaltast.

Overvakinga av fjellrev skjer to stader på Svalbard, i Sassendalen/Adventdalen og Kongsfjorden/Brøggerhalvøya. Overvakinga av revehi blir gjort gjennom observasjon med kikkert og teleskop, og med automatiske kamera ved hiet.

Eva Fuglei fortel at fjellrevhia er å finne på faste plassar. Dei blir brukte om og om igjen i generasjonar. Det er registrert fjellrevhi som kan vere over 100 år gamle.

Foto 5 180705-154824 - 2
Foto: Norsk Polarinstitutt

Kvalpane må tidleg greie seg sjølve

– Det tar lang tid å etablere nye hi i arktiske område på grunn av permafrosten, og også fordi paringa skjer mens det er full vinter (februar-mars). Og kvalpane blir fødde inne i hiet (anten i jordhi eller mellom steinar) rundt 20. mai, og då er det vinter og alt dekka av snø på Svalbard. Eit fjellrevhi er dermed eit svært viktig område for ein fjellrevfamilie. Det blir brukt til å føde kvalpane i, og å oppdra kvalpane i den korte og hektiske arktiske sommaren.

– Kvalpane er åleine på hiet når foreldra er ute og jaktar mat til dei. Allereie i slutten av august må ungrevane ut og klare seg sjølve. Foreldra sluttar å komme med mat, så då tvingar svolten ungrevane ut på eiga hand for å finne mat, fortel Fuglei.

– Det er derfor så viktig at hia ikkje blir forstyrra. Kvalpane treng mykje mat for å vekse og utvikle seg raskt, slik at de blir sterke nok til å møte vinteren og overleve på eiga hand, legg ho til.

Vendomdalen og Sassendalen

Sassendalen ligg ca. 30 kilometer aust for Longyearbyen på Svalbard. Her er det revehiet som fekk isbjørnen på besøk.

Foto: Anders Skoglund / Norsk Polarinstitutt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger