Hopp til innhold

Unge Høgre hardt ut mot Frp: – Dei er bremseklossar

Ungdomspartiet skuldar regjeringa for å ikkje ha nok vilje til å gjere endringar i pensjonssystemet. Kritikken går hardast utover Frp. – Useriøst og skuffande av Unge Høgre, seier eldrepolitisk talsmann Bård Hoksrud (Frp).

Unge Høyre-leder Tonning Riise

– GJER FOR LITE: Leiar i Unge Høgre, Kristian Tonning Riise, meiner regjeringa gjer for lite i møte med den aukande eldre befolkinga. – Frp driv med populisme i kampen om eldre veljarar, meiner Riise.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Leiar i Unge Høgre, Kristian Tonning Riise, har ei klar melding til moderpartiet Høgre og regjeringspartnar Frp: – Vaksenpolitikarane må vakne opp!

Riise meiner regjeringa gjer for lite i møte med den aukande eldre befolkinga.

– Dagens pensjonistar, og dei som er på veg inn i pensjonisttilværelsen, må vere med på spleiselaget no om vi skal unngå dramatiske velferdskutt i framtida. Då kjem vi ikkje utanom å måtte gjere noko med pensjonssystemet, seier Riise til NRK.

Unge Høgre kjem no med fleire krav til regjeringa – som skal leggje fram statsbudsjettet for 2016 i neste veke (sjå krava i faktaboks).

Frp: – Unge Høgre stigmatiserer

Bård Hoksrud

– TRIST: Eldrepolitisk talsmann Bård Hoksrud (Frp) meiner Unge Høgre gjer dei eldre til eit problem.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Eldrepolitisk talsmann Bård Hoksrud (Frp) kallar fleire av forslaga til Unge Høgre for useriøse.

– Det er trist at dei gjør dei eldre til eit problem. Det er skuffande, seier Hoksrud.

– Det er bra at Unge Høgre er med i debatten, men dei bommar veldig, og eg syns dei stigmatiserer dei eldre på ein veldig ufin måte, seier Hoksrud.

Tidlegare denne månaden blei det kjent at regjeringa vil gi meir pengar til 650.000 pensjonistar neste år. Gifte og sambuande pensjonistar skal få 4000 kroner ekstra i pensjon i året.

Unge Høgre meiner dette er uansvarleg:

– Dette er å dra pensjonssystemet i feil retning. Pensjonistar er blant dei mest kjøpesterke i samfunnet, og spesielt pensjonistar som bur saman. Vi må sjå på tiltak som får utgiftene ned. Å løyve 2,7 milliardar til dette er å prioritere feil. Dette er ikkje ansvarleg, seier Riise.

– Dette er populisme. Det er ikkje samfunnsøkonomisk riktig. Dette gjør regjeringa kun for å blidgjøre ei viktig veljargruppe, seier Riise.

Hoksrud tek avstand frå at dette er populistisk politikk.

– Dette er noko vi har kjempa for i fleire tiår. Dei som er pensjonistar har arbeidd hardt, og har bidrege til fellesskapet. Det er trist at Unge Høgre prøver å late som noko anna, seier Hoksrud.

Vil heve pensjonsalderen

Unge Høgre ønskjer også å fjerne AFP-ordninga (avtalefesta pensjon).

Men dette er jo ei tariffbasert ordning som er framforhandla mellom partane i arbeidslivet og staten: Er det då riktig å bare kutte den?

– Eg meiner AFP-ordninga er blitt ei altfor dyr ordning. I teorien kan Stortinget skjære igjennom, men sjølvsagt må dette skje i dialog med partane i arbeidslivet, svarar Riise.

Unge Høgre vil også oppjustere pensjonsalderen frå 67 til 70 år.

– Dette betyr at også eg sjølv må jobbe meir og lenger når eg blir gamal, men vi må endre systemet, og vil må alle bidra til spleiselaget i større grad, seier Riise.

Dette svarar Hoksrud:

– Vi er samde om at vi må gjere grep for å få fleire til å stå lenger i arbeidslivet, men det skal vere frivilleg.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger