Hopp til innhold

Oslo Frp-leiar ekskludert av partiet – Oslo Frp under administrasjon

Geir Ugland Jacobsen, fylkesleiar i Oslo Frp, blir ekskludert frå partiet. Samtidig blir fylkeslaget Oslo Frp sett under administrasjon.

D1YKEEGF-XQ

Ugland-Jacobsen ønskjer å dra Frp i ei nasjonalistisk retning. Nå er han ekskludert frå partiet.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Sentralstyret til Framstegspartiet har vedtatt å ta frå fylkesleiar Geir Ugland Jacobsen medlemskapen.

– Ugland Jacobsen har gjentatte gonger skadd omdømmet til partiet, våre medlemmer og tillitsvalde. Frp trenger tillitsvalde som bidrar positivt til å bygge partiet. Fylkesleiaren i Oslo har hatt ein rekke overtramp, seier nestleiar Sylvi Listhaug på ein pressekonferanse.

Saka blei avgjort tysdag etter eit møte i partiet. Framstegspartiets sentralstyre har også i dag i praksis bestemt å sette Oslo Frp under administrasjon ved å opprette eit interimsstyre.

– Oslo Frp har blitt eit problem for mange i partiet. Vi har fått mange tilbakemeldingar frå tillitsvalde og folkevalde over heile landet og reaksjonar frå veljarar som er bekymra for utviklinga i Oslo. Derfor tar vi no tak i dette, seier partileiar Siv Jensen.

Interimsstyret vil bestå av: Ketil Solvik-Olsen, Per-Willy Amundsen, Peter N. Myhre, Jon Georg Dale og Kari Kjønaas Kjos.

Sjå Frp sin pressekonferanse etter møtet i sentralstyret.

Ugland Jacobsen: – Overraska

Jensen seier at i lys av ei rekkje forhold i Oslo Frp har fleire fylkeslag, bydelslag og tillits- og folkevalde i partiet, både i og utanfor Oslo uttrykt sterk bekymring for situasjonen i Oslo Frp.

– Vi har over tid høyrt påstandar om fløykamp i Frp. Det er ingen fløykamp, men det er krefter i Oslo Frp som ønsker å dra partiet i ei helt anna retning. Det er stor takhøgd for ulike politiske standpunkt i Frp, men det er ikkje rom for illojalitet til lovleg fatta vedtak. Vi har vore, og skal framleis vere, eit liberalistisk folkeparti, seier Jensen.

Ugland-Jacobsen sa i sommar at det var ideologiske forskjellar mellom han og partileiar Siv Jensen og at han var usikker på om Siv Jensen burde toppe stortingslista i fylket. Saka blei først omtalt i Finansavisen.

Tysdag seier han at han ikkje har fått nokon grunngjeving frå partiet for kvifor han er ekskludert.

– Eg er litt overraska. For meg betyr det berre at det fleirtalet i fylkesstyret står for, må ein kjempe for andre stader enn Framstegspartiet, seier han på ein egen pressekonferanse.

– Ein del av spelet

I sommar sa Ugland Jacobsen til NRK at han helst ønskte seg Sylvi Listhaug som partileiar, men at han godt kan leve med Siv Jensen.

Nokre dagar etterpå møtte ein ordknapp Ugland-Jacobsen pressa og sa at han likevel stilte seg bak partileiaren som toppkandidat i Oslo.

Han seier han ikkje har nokon personlege antipatiar eller sympatiar mot Siv Jensen.

– Det har noko med det å vere profesjonell å gjere. Eg ser ein slik eksklusjon som ein del av spelet, der det ikkje berre er ei nedside for den som blir ekskludert, men også for den som ekskluderer, seier Ugland-Jacobsen.

– Eg er vel så lei meg for det siste, for eg har veldig mange venner i partiet.

Fremskrittspartiets landsmøte 2020

Carl I. Hagen seier han er sjokkert over sentralstyret sin avgjerd.

Foto: Berit Roald / NTB

Carl I. Hagen: – Eg er sjokkert

Ugland Jacobsen blei vald inn som leiar i Oslo Frp sitt fylkeslag i februar i år. Med han ved roret, vedtok fylkeslaget at Noreg skal bli et «patriotisk fyrtårn», mot stemma til Siv Jensen. Han vil at Frp skal vere meir kritisk til innvandring, klimapolitikk og EØS enn dei er i dag.

Ugland Jacobsen meiner at stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde burde få plass på lista, og han ønskte også at tidlegare formann i Frp Carl I. Hagen skulle få ein plass.

Hagen seier til NRK tysdag kveld at han er sjokkert over vedtaket til sentralstyret.

– Eg er sjokkert og skjønner ingenting. Eg ser fram til å få litt forklaringar, og det får eg ikkje i kveld, seier Hagen på telefon, før han må legge på. Hagen seier han ikkje kjem til å kommentere saka ytterlegare i kveld.

Styremedlem i Oslo Frp, Kent Andersen, seier til NRK at han først og fremst berre har ein kommentar til saka: At han reagerer kraftig på å ikkje ha fått nokon formell informasjon om ekskluderinga eller avgjerda om at Oslo Frp blir sett under administrasjon frå partileiinga:

– Eg les om dette i pressa, i staden for å bli informert av partiet. Det har vore ein pressekonferanse, men ingen e-post. Eg skjønner ikkje helt kva dei held på med, det er ein merkeleg måte å handtere det på.

– Viktig å fjerne tvilen

Peter N. Myhre, som skal sitte i interimsstyret for Oslo Frp, seier til NRK at han meiner sentralstyret gjorde kloke val tysdag kveld.

– Det var viktig for å få avblåst den tvilen som har vore om Frps politikk. Vi er tent med å ha éin politikk vi står samla om og tilbyr veljarane, seier Myhre.

Myhre ønsker ikkje å kommentere kritikken frå Andersen om manglande informasjon til de eksisterande styremedlemmene.

På spørsmål om Hagens utsegn i kveld, seier Myhre at han har tro på at Hagen vil samarbeide med Oslo Frp vidare.

– Eg kjenner Carl I. Hagen veldig godt, og eg trur han kjem til å delta ivrig i Frps valkamp i 2021.

Nå skal interimsstyret få på plass et årsmøte som skal velje et nytt styre.

– Det arbeidet tar vi fatt på veldig snart, seier Myhre.

AKTUELT NÅ