Hopp til innhold

Trur ukrainske styrkar førebur tilbaketrekking i Bakhmut: – Under stadig større press

Kampane i og rundt Bakhmut spissar seg til, melder det britiske forsvarsdepartementet laurdag. – Eg ber til Gud om at me overlever, seier ei eldre kvinne i ein ruinhaug.

Russland har sidan mai 2022 forsøkt å ta saltgruvebyen i Donetsk fylke, med store tap på begge sider, men ukrainarane har klart å halda stand enn så lenge.

Mange sivile har derimot for lengst dratt frå Bakhmut. Av dei 70000 innbyggarane før krigen braut ut, er om lag 4000 igjen i den krigsherja byen, seier varaordførar Oleksandr Marchenko til BBC.

– Byen er så godt som øydelagd, fortel han.

This photograph taken on February 27, 2023, shows a damaged and burnt building as the sounds of shelling continue in Bakhmut, amid the Russian invasion of Ukraine.

– Ikkje ei einaste bygning er uskadd, seier varaordføraren i Bakhmut.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

Vanskelege kår for sivile

Også omlandet er prega av russiske åtak.

I den litle byen Chasiv Yar, 15 kilometer vestover, møter nyheitsbyrået AP det gamle ekteparet Natalia Ishkova og Hennadiy Mazepa i ruinane av eit bustadområde.

Dei manglar det meste, og leitar etter pinneved å brenna for å halda varmen.

An elderly woman stands in her backyard after shelling in Chasiv Yar, near Bakhmut on February 28, 2023, amid Russia's military invasion on Ukraine. - Ukraine said on February 28, its forces were under pressure in Bakhmut, a nearly-destroyed city in the eastern Donetsk region that Russia has been trying to seize for months.

Natalia Ishkova og dei andre sivile i området slit med å klara seg i området. Samstundes blir kamphandlingane stadig meir intense.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

– Det er ikkje noko elektrisitet, vann og gass. Mat er det også lite av, seier Ishkova fortvilt.

– Eg ber til Gud om at me som er igjen overlever, fortsett ho.

Det ukrainske forsvaret kan bli omringa

Det er gjennom denne byen den siste ukrainske hovudforsyningsruta inn til Bakhmut går, skriv det britiske forsvarsdepartementet laurdag. Britane legg til at det blir stadig vanskelegare å halda livlinene ved lag.

Dette kartet skal visa fronten ved Bakhmut, natt til laurdag, ifølge Twitter-kontoen War Mapper.

Dette kartet skal visa fronten ved Bakhmut, natt til laurdag, ifølge Twitter-kontoen War Mapper.

Foto: War Mapper

No ser ukrainske styrker ut til å førebu seg på ein kontrollert tilbaketrekking vestover i byen, melder den amerikanske tenkjetanken Institute for the Study of War, laurdag.

I analysen viser ISW til to verifiserte bilde tatte fredag. Bilda viser to viktige bruer, høvesvis nordaust i Bakhmut og rett vest for byen, øydelagde av ukrainske styrkar.

Tenkjetanken vurderer dette som eit forsøk på å avgrensa russiske styrkar sin mobilitet i austlege Bakhmut, og eventuelt vidare ut av byen i vestleg retning.

– Basert på handlingar og utsegner frå ukrainsk hald, så vil dei ved behov gjennomføra ei avgrensa og kontrollert tilbaketrekking frå særleg utfordrande sektorar aust i Bakhmut, skriv ISW.

ISW viser blant anna til den ukrainske presidenten sin rådgjevar Oleksandr Rodnyanskyi, som tysdag sa at ukrainske styrkar kunne komma til å trekka seg tilbake frå visse posisjonar i byen.

A Ukrainian serviceman looks on as he rides in a vehicule in the town of Bakhmut, in the Donetsk region on March 3, 2023.

Truleg blir fleire ukrainske soldatar trekte ut av Bakhmut i nær framtid.

Foto: ANATOLII STEPANOV / AFP

Oberstløytnant og hovudlærar ved Stabsskolen, Geir Hågen Karlsen, seier målet er å ikkje bli omringa og låste inne av russarane i Bakhmut.

– Opninga vestover byrjar å bli så smal at det ikkje vil overraska meg om ukrainarane er ute av byen ganske snart. Alt tyder på det, seier han.

– Under stadig større press

Det britiske forsvarsdepartementet bekreftar at de ukrainske forsvararane av Bakhmut er under stadig større press, og at det går føre seg intense kampar i og rundt byen.

– Den russiske hæren og Wagnergruppa har rykt fram i dei nordlege forstadane, der ukrainske stillingar no er sårbare for angrep frå tre sider, skriv dei på Twitter.

Ukrainian servicemen load a 152 mm shell into a Msta-B howitzer to fire towards Russian positions, near the frontline town of Bakhmut on March 2, 2023, amid the Russian invasion of Ukraine.

Ukrainske soldatar rettar ein artillerikanon mot russiske ved Bakhmut.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

Ukrainarane svarar med å forsterka desse stillingane med elitesoldatar, ifølge britane.

Dette er i tråd med president Volodymyr Zelenskyj sine tidlegare utsegner om at dei vil kjempa så lenge dei kan.

Men i kveldstalen sin måndag vedgjekk han at situasjonen i Bakhmut blir stadig vanskelegare.

– Fienden øydelegg konstant alt som kan bli brukt til å verne om posisjonane våre for forskansing og forsvar, sa Zelenskyj.

Les også Slagmarka i Bakhmut har blitt eit gjørmelandskap

A Ukrainian service member sits inside an armoured vehicle stuck near the frontline town of Bakhmut

Karlsen meiner at dei pansra styrkane ukrainarane no har sett inn i Bakhmut kan tolkast som eit teikn på tilbaketrekking av styrkar som allereie er i byen.

– Det mest overraskande er at byen ikkje fall mykje tidlegare, seier han.

Blir ein dyr siger

Ukrainske myndigheiter meiner byen er av lite strategisk verdi, men dei har klart å binda opp store russiske styrkar i området. Vidare har dei påført store russiske tap i form av personell og ammunisjon, i sistnemnde sitt langvarige forsøk på å ta noko som ikkje er det verdt, ifølge Karlsen.

– Bakhmut er ikkje strategisk viktig i det heile tatt, men berre ein av mange, mange små byar i Ukraina, fortel han.

Likevel vil ein russisk siger i kampen om byen, som landet har annektert, ha symbolsk verdi.

Dagens kart 04.03

Kartet viser status på slagmarka fredag 04.03.23.

Foto: INSTITUTE FOR THE STUDY OF WAR AND AEI'S CRITICAL THREATS PROJECT / NRK (Oppdatert 04.03.2022))

– Russiske myndigheiter vil då overdriva sigeren så mykje dei kan, trur Karlsen.

I ein video publisert torsdag, kan ein sjå leigesoldatar frå Wagnergruppa godt inne i Bakhmut by. Reuters har geolokalisert videoen til eit område om lag to kilometer aust for sentrum.

I ein annan video som Wagner-leiar, Jevgenij Prigozjin, publiserte fredag hevda han at dei og regulære russiske styrkar nesten har omringa byen.

Laurdag melder det russiske forsvarsdepartementet at også forsvarsminister Sergej Sjojgu skal ha besøkt russiske styrkar ved fronten i Donetsk fylke. Her skal han ha blitt orientert om situasjonen, og delt ut dekorasjonar til soldatar.

– Desse utmerkingane er fortente. Dokker kjempar godt, sa Sjojgu, før han la til:

– Mykje arbeid står att.

At Russland har ein lang veg å gå på slagmarka kan Karlsen seia seg einig i.

– Ukrainarane har førebudd forsvarsstillingar lengre vest, så det vil ikkje ha noko å seia for den vidare utviklinga viss Bakhmut fell, slår han fast.

AKTUELT NÅ