Småbyen Bakhmut i Donetsk fylke ligg midt på ei av dei mest brutale slagmarkene i Ukraina.
Bakken her er ikkje lenger frosen, men metta av vatn tysdag etter tidleg snøsmelting. Ukrainarane kallar overgangen til vår for Rasputitsa.
«Gjørmegeneralen» er nemleg kjend for å overrumple tidlegare invasjonsmakter på veg inn i Ukraina og vestlege Russland, ved å gjere vegar til elvar og markar til myr.
Toppgeneral Syrskyi skriv likevel i meldingsappen Telegram at dei russiske styrkane pressar på. Talet på fiendtlege soldatar aukar, ifølge styresmaktene.
Slik såg det ut i Kharkiv-området på laurdag, kring tre timar nord for Bakhmut.
Foto: Vadim Ghirda / AP– Trass i vesentlege tap har fienden kasta inn dei mest førebudde angrepstroppane til Wagner, som no prøvar å bryte gjennom forsvaret til soldatane våre og omringe byen, skriv han vidare.
Desse opplysingane har ikkje blitt bekrefta frå uavhengig hald.
Seier fienden blir fleire
Frontlinja ved Bakhmut strekk seg frå landsbyen Paraskoviivka i nord gjennom den austlege delen av byen og sør til den russisk-okkuperte landsbyen Orytne, seier det ukrainske militæret tysdag.
Nettstaden supernova+ som fylgjer krigen i Ukraina tett, har laga eit kart over kampen om Bakhmut, bygd på dei opplysinganene dei har fått inn.
Dette er eit kart som nettstaden Supernova+ har laga over kampane rundt Bakhmut. Det røde området er russiske styrkar, det gule ukrainske. I midten ligg sjølve byen Bakhmut.
Foto: Supernova+Dersom Russland klarer å ta kontroll over byen vil dette bli sett på som ein stor symbolsk siger, sjølv om den har lite strategisk verdi.
Zelenskyj har tidlegare sagt at ukrainarane vil kjempe i Bakhmut så lenge dei kan.
I kveldstalen sin måndag sa president Volodymyr Zelenskyj at situasjonen i Bakhmut «blir stadig vanskelegare».
– Fienden øydelegg konstant alt som kan bli brukt til å verne om posisjonane våre for forskansing og forsvar.
Kjempar i gjørma
Ein stad i Donetsk-regionen har nyheitsbyrået Reuters møtt ukrainske soldatar som sit i skyttargravene.
– Begge sider held seg til posisjonane sine, fordi som du ser, fører våren til gjørme. Det er derfor umogleg å ta seg fram, sa ukrainske Mykola (59).
Ukrainske soldatar slit med å få laus eit militærkøyretøy frå eit gjørmehòl.
Foto: STRINGER / ReutersHan har ansvaret for ein ukrainsk missilsystem, og følger med på eit nettbrett som får inn koordinatane dei skal skyte på.
Fleire av dei militære fartøya deira sit fast i gjørma, ifølge byrået.
I den sikksakk-forma skyttargrava står blant anna lagførar Volodymyr (25), som seier soldatane er klare for alt slags vêr.
– Når vi har fått eit mål, betyr det at vi må knuse det.
Som tidleg i desember, har ein store problem med å ta seg fram på føret.
Foto: STRINGER / ReutersTysdag sa Kreml igjen at Russland er open for å forhandle seg fram til ein slutt på Ukraina-krigen, men at nye «territorielle realitetar» må bli teke omsyn til, ifølge Reuters.
Dette gjeld dei fire ukrainske regionane som Russland hevdar det har annektert med folkeavstemmingar.
Kyiv og Vesten har avvist desse avstemmingane som ulovlege.