Hopp til innhold

Frustrert over matkø-utspelet til Brenna: – Minner om overklassa i Frankrike

Raudts Mímir Kristjánsson reagerer kraftig på Tonje Brenna sitt utspel om at ikkje alle som står i matkø stå i matkø.

Matsentralen Jostein Mørch

Jostein Mørk fekk gratis middag i Lilleborg kirke tysdag denne veka.

Foto: Lilla Sølhusvik

«Står du i matkø fordi du kan, eller står du i matkø fordi du må?», spurde arbeids- og inkluderingsminister i eit intervju med Vårt Land.

Ho spurte også om folk som står i matkø gjer det for å få råd til andre ting.

Det har skapt reaksjonar. Statsråden har blitt kalla både hjartelaus og arrogant.

– Dette høyrer ikkje heime nokon stad. Det er ei haldning som minner om overklassa i Frankrike før den franske revolusjonen, seier Jostein Mørk som tysdag denne veka fekk gratis middag i Lilleborg kirke i Oslo.

Gratis middag fra Matsentralen

Gratis middag frå Matsentralen i Lilleborg kirke.

Foto: Lilla Sølhusvik

I september slo Frelsesarmeen alarm om at matkøane blir lengre og lengre.

I onsdagens politisk kvarter var Brenna sitt utspel tema:

– Det er ein heilt klar ambisjon at ingen i Noreg skal trenge å stå i matkøar.

Så kvifor skil du mellom dei som kan og dei som må stå i matkø?

– Eg skil ikkje mellom dei. Men eg meiner det er relevant når vi diskuterer kva tiltak vi skal vurdere for å sørge for at færre har behov for å stå i matkø.

Er det ikkje riktig det du sa?

Stortinget

Tonje Brenna har blitt kalla både hjartelaus og arrogant etter utspelet i Vårt Land.

Foto: William Jobling / NRK

– Det er nettopp det eg meiner at velferdsstaten vår skal ta vare på kvar og ein av oss. Eg seier ikkje dette for å skilje mellom verdige og uverdige trengande.

– Ingen står i matkø fordi det er gøy

Raudts Mímir Kristjánsson er ein av fleire som reagerer på Brenna sitt utspel også i Politisk kvarter.

– Ho har laga eit klart skilje mellom dei som står i matkø fordi dei må, og dei som står i matkø fordi dei kan:

– Ingen står i matkø fordi dei har lyst. Det er ikkje ein fritidsaktivitet. Nokon står der for å spare 200 kroner for å kjøpe julegåver eller for å betale ei tannlegerekning. Desse menneska er også fattige, seier Kristjánsson.

Tonje Brenna viser til Fafo sin rapport som slår fast at dei som står i matkø opplever «ulik grad av mattryggleik». Kristjánsson er eining med Brenna om at dette er relevant å vite, men reagerer likevel på utspelet.

Matservering Lilleborg kirke

Lilleborg kirke serverer gratis middag kvar tysdag.

Foto: Lilla Sølhusvik

– Tonje Brenna tøffar seg på fattige folks kostnad, mistenkeleggjer dei trygda og mistenkeleggjer folk i matkø, seier Kristjánsson.

Tonje Brenna, tøffar du deg på fattige folks kostnad?, spør programleiaren statsråden.

– Dette er med all respekt berre tull. Det var ein kommentar til Fafo-undersøkinga, og det meiner eg er relevant å vite fordi vi ynskjer å hjelpe dei. Min klare ambisjon er at færre skal stå i matkø, svarar Brenna og held fram:

– Eg trur ikkje det er nyttig å karikere dette med å seie at det er ein fritidsaktivitet. Det har eg aldri sagt, og det kjem eg aldri til å seie.

Ei kvinne som NRK har prata med i Lilleborg kirke fortalde at ho går på trygd og har dårleg råd. Ho tek i bruk mattilbod for å ha råd til andre ting.

– Eg prøver å spare, og vere forsiktig med kva eg bruker. Eg må ha ny kjøkkenvifte snart og komfyren byrjar å synge på siste verset.

Her går det opp for Mímir Kristjánsson at Rødt har gjort et historisk valg. Bildet er tatt på valgvake på Folken i Stavanger da den første prognosen ble presentert.

Mímir Kristjánsson seier at Tonje Brenna tøffar seg.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Ikkje nødvendig å skilje mellom dei

I Fafo sin rapport står det at nokre av dei som tek i bruk mattilbod ikkje har råd til å ete, nokre har ikkje råd til eit «ernæringsmessig forsvarleg kosthald», og nokre må spare inn på matbudsjettet for å spare til andre ting.

Kva slags skilje meiner du er nødvendig?

– Eg meiner ikkje at vi skal skilje mellom dei som tek i bruk matilbod. Målet må vere å sørge for at ingen trenger å stå i matkø i Noreg, og då må vi gjere meir for å få folk i jobb, og meir for å målrette politiske tiltak akkurat for den gruppa, seier Brenna.

Arbeidarpartiet har sagt nei til ein ekstra tusenlapp til sosialmottakarar før jul. Det sa Arbeidarpartiet ja til i fjor.

– Sidan jula i fjor har dei rettleiande satsane auka 10 prosent, altså meir enn ein tusenlapp.

Samsending med P2.

Samsending med P2.

AKTUELT NÅ