Hopp til innhold

To tiltalte for å ha svindla departementa

To menn er tiltalte for å ha svindla Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet for 47 millionar kroner.

Utenriksdepartementet i Oslo

Dei to tiltalte tok imot tilskot frå Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

To menn er tiltalte for grove bedrageri mot Utanriksdepartementet (UD) og Klima- og miljødepartementet (KLD). Det skriv Økokrim i ei pressemelding onsdag.

Dei to tiltalte skal ha gjort seg skuldig i bedrageri på over 47 millionar kroner.

Den eine mannen nektar straffskuld, seier forsvararen hans.

Grove bedrageri

Det er to grove bedrageri som har gått over ein lang periode frå 2016 til 2021. Delvis har dei gått parallelt. Vi meiner dette er kontinuerleg og langvarig bedrageri.

Det seier påtaleansvarleg i Økokrim Henrik Horn til NRK.

I tiltalane heiter det at bedrageriet er grovt fordi det har hatt til følge betydeleg økonomisk skade, er gjort ved fleire høve og over lengre tid, det er utført av fleire i fellesskap og har eit systematisk preg, og det er utarbeidd uriktig rekneskapsdokumentasjon.

Henrik Horn, statsadvokat Økokrim

Henrik Horn er statsadvokat og påtaleansvarleg i Økokrim.

Foto: Johannes Albert Slettedal / NRK

Ifølge Økokrim dreiv mennene ei foreining saman, og tok imot tilskot frå Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet for å utarbeide rapportar.

Tilskota på over 55 millionar vart mottatt i perioden 2016 til 2021, og vart henta frå bistandsbudsjettet.

Begge dei tiltalte mennene var tilsette i denne foreininga medan dei gjorde bedrageria.

Dei to mennene har vore saman om bedrageriet dei er tiltalt for, meiner Økokrim.

Kjøpte bilar og ferieturar

I etterforskinga har det blitt avdekka at mange millionar av tilskotsmidlane ikkje vart brukt, sjølv om foreininga opplyste departementa om at pengane var brukt. Det skriv Økokrim i pressemeldinga.

Mykje av midlane var ubrukt og sto på konto. Det dreidde seg om mange millionar, seier Horn.

Det var først i 2021 at departementa fekk informasjon av revisoren til foreininga om at ein stor del av tilskotspengane ikkje hadde blitt brukt, ifølge Økokrim.

At pengane var ubrukte skal ha blitt halde skjult for departementa.

I tillegg blei fleire millionar av tilskotspengane brukt til å dekke private utgifter som dei to mennene hadde.

Det gjeld hyttekjøp, bilkjøp, og det vi meiner er ferieturar til eksotiske reisemål, opplyser Horn.

I tiltalen står det også at delar av midlane var brukt til hotellopphald, klede, knivar og våpen.

Nektar straffskuld

Fredrik Berg, som er forsvarar for ein av dei tiltalte, seier i ein kommentar til NRK at klienten avviser skuldingane om bedrageri.

– Min klient hevdar at både UD og KLD har bestilt og fått levert eit omfattande arbeid av høg kvalitet. Desse programma var operativt retta og blei utført i nært samarbeid med FN og Interpol. På denne bakgrunnen er skuldingane om at departementa skulle vore bedratt feil. Vi kjem til å argumentere og bevise dette i retten og har derfor ikkje fleire kommentarar i dag.

Ifølge Økokrim er dei to tiltalte to godt vaksne menn. Den eine mannen er frå nord, og den andre er frå Austlandet. Dei jobba i same foreining då bedrageria blei gjort.

Horn i Økokrim opplyser om at dei står litt ulikt i saka.

Det er fleire forhold for hovudmannen, mens den andre har spela ein meir tilbaketrekt rolle, seier han.

Den eine er tiltalt for to grove bedrageri, forsøk på grovt bedrageri, kvitvasking og dokumentforfalsking. Den andre mannen er tiltalt for å ha medverka til dei to grove bedrageria som første personen er tiltalt for.

I retten i mai

Det er KLD og UD som har meldt dei to mennene til politiet. Økokrim opplyser om at dei først vart kjende med saka då ho vart meld til politiet.

Oslo tingrett

Bedragerisaka skal for retten i mai.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ifølge Henrik Horn i Økokrim startar saka i Oslo tingrett i mai. Varigheita er fem veker.

I ei pressemelding uttaler departementa at dei er fornøgde med tiltalen. UD seier dei også vil krevje erstatning frå dei tiltalte.

NRK har ikkje lykkast i å få ein kommentar frå forsvararen til den andre mannen som er tiltalt.

AKTUELT NÅ